Å høyre til


I trusopplæringa brukar me omgrepa "medlem" og "tilhøyrig" når me inviterar til kyrkja. Mange lurer på kva dette tyder, og her vil me gi ei forklaring. 

 

MEDLEM:

Medlemskap i kyrkja får ein ved å vere døypt.

 

TILHØYRIG:

Dette omgrepet brukar me om barn som har ein eller begge foreldra som medlem i kyrkja, men barnet er ikkje døypt sjølv. 

Les meir om definisjonane her. 

 

INVITASJONAR: 

Når eit barn vert døypt, seier foreldra og fadrane ja til at barnet skal "oppsedast til eit liv i den kristne forsakinga og trua". Dette er mandatet som kyrkja får til å drive trusopplæringsarbeid.

Trusopplæraren jobbar med å administrere listene over barn som skal inviterast til dei ulike tiltaka i trusopplæringsplanen. Namna vert henta frå DNK sitt medlemsregister før kvar invitasjon skal sendast ut.

 

BARN SOM ER TILHØYRIGE: 

Barn som er fødde FØR 1.oktober 2018, men som ikkje er døypte, kjem automatisk opp i medlemsregisteret til kyrkja, når ein eller begge av foreldrene er medlem. Desse barna vert også inviterte til trusopplæringa, og me ser at mange velgjer å vere med. Dersom de IKKJE ynskjer invitasjonar til dykkar barn, må de melde frå til kyrkjekontoret om dette. 

Barn som er fødde ETTER 1.oktober 2018, og som ikkje vert døypte/medlemmar, må meldast inn til kyrkjekontoret dersom foreldra YNSKJER at dei skal registrerast som tilhøyrande i det lokale soknet. Om ikkje dette vert gjort, vil heller ikkje me kunne fange opp at barnet skulle vore invitert til å få til dømes fireårsbok eller seksårsbok. Me ber om forståing for dette. 

 

BARN SOM IKKJE ER MEDLEM ELLER TILHØYRIG. 

Kvart år kjem det førespurnader frå foreldre som av ulike grunnar ikkje er medlemmer, men som ynskjer at barna deira skal få følgje trusopplæringa i kyrkja likevel. Dette er veldig kjekt, og me ynskjer sjøvsagt alle hjarteleg velkomne. Det har tidlegare vore praksis at me i kyrkja i Sogndal har hatt ei eiga manuell liste over desse barna. Då dette etterkvart har blitt mange namn i ulike sokn og aldersgrupper, ber me om forståing for at det vert for utfordrande å følgje opp. Ansvaret for at desse barna vert inviterte må difor ligge hjå foreldra sjølve. Ein må då anten halde seg oppdaterte via heimesida vår og ta kontakt for påmelding til konkrete tiltak, eller velgje at ein av foreldra melder seg inn i kyrkja. Då vert barnet tilhøyrig, kjem med på adresselistene våre og kan få tilsendt invitasjonar i posten.  

 

 

 

Det er mange tilhøyrige som takkar ja til invitasjonane og kjem. Det er veldig kjekt. Konfirmantar som vert døypte, viser at dei gjer medvitne val og sjølve ynskjer å høyre til i kyrkja. 

Kyrkja forkynner bodskapen om Jesus Kristus. Trusopplæringsplanen vår har som visjon at me "saman vil gjera Kristus kjend, trudd, elska og etterfølgd." Me ynskjer alle velkomne inn til samlingar og gudstenester.

Du er også hjarteleg velkomen til å ta kontakt ved spørsmål. 

 

Helsing Birte Husum

Leiar i trusopplæringa i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn. 

Tlf: 947 98 799

birte.husum@sogndal.kyrkja.no

 

Tilbake