Stille kveld med tidebønn i Stedje kyrkje flytta til 15. desember


Onsdag 15. desember kl. 19.00 vert det ‘"Stille kveld med tidebøn" i Stedje kyrkje . Her blir det høve til å vera stille, kveikja lys, syngja salmar og be tidebøner.

 

Denne samlinga var opphaveleg sett opp 8. desember, men er no forskyvd med ei veke til den 15. desember.

Opplegget varer i 30 minuttar. Samlinga er for deg som tykkjer det er mykje prat og uro i kvardagen, og kjenner at det kan vera godt å kvila i kyrkjerommet. Samlingane vert leia av Astrid og Stein Bondevik.

I haust har det vore Stille kveld med tidebøn ein gong i månaden (som regel den andre onsdagen i månaden). Samlinga 15. desember kl. 19.00 er den siste i 2021.

Hjerteleg velkommen!

Tilbake