Stille kveld med tidebønn i Stedje kyrkje


Onsdag 8. september kl. 19.00 vert det ‘"Stille kveld med tidebøn" i Stedje kyrkje . Her blir det høve til å vera stille, kveikja lys, syngja salmar og be tidebøner.

 

Opplegget varer i 30 minuttar. Samlinga er for deg som tykkjer det er mykje prat og uro i kvardagen, og kjenner at det kan vera godt å kvila i kyrkjerommet. Samlingane vert leia av Astrid og Stein Bondevik.

I haust blir det Stille kveld med tidebøn ein gong i månaden:

  • 13. oktober
  • 10. november
  • 8. desember

Alle kvelder er kl. 19.00.

Hjerteleg velkommen!

Tilbake