Babysong på Anestølen


Fredag 12.juni var det sommar, sol, smil og babysong på Anestølen. 

 

Då korona ramma i mars, vart det bråstogg for babysong i Sogndal. Me skulle eigentleg også ha vore innom sjukeheimsavdelingar etter påske, og avslutta sesongen der. Dette vart naturleg nok avlyst etter omstendene. På eige initiativ starta nokre mødre private babysongtreff ute etterkvart som våren kom til Sogndal. Dei laga ei Facebook-gruppe, og avtala med kvarandre der.

Då trusopplæraren tok kontakt for å invitere til sommarbabysong på Anestølen, var det berre positiv respons. Sidan trusopplæraren også er bondekone, har ho tilgang på ein geitestøl, med reint grønt gras innafor gjerdet. Heile 5 mødre med babyar vart samla i lag med dei trufaste frivillege damene som stilte med god heimebakst.

                    

Veret kunne ikkje vore betre. Me sat i le for fjellvinden på heimsida av hytta. Solhattfaktoren var høg, og smila sat laust då me byrja spele og synge. Sidan me var på ein støl baud me også på "Bæ, bæ lille lam" og "Å, jeg vet en seter", utanom det vanlege repertoaret. Sistnemnde song var skrive etter eit besøk på nettopp Anestølen, seier historia om Margrete Munthe. Dette var det fleire som ikkje visste, så då fekk me by på litt kulturkunnskap også. 

Å synge om skaparverket og Guds store kjærleik medan me sit midt i naturen og det mektige fjellandsskapet, det er ganske fint. Etterpå sette me oss i skuggen og åt nistepakke og heimebakst, etter alle koronareglar som gjeld. Alle var samde om at dette var kjekt, og ville gjerne gjere det igjen.

Det vert spennande korleis babysong vert til hausten att. Kanskje me også kan treffast ute om veret vert bra.

Følg med her på nettsida for meir informasjon om hausten. 

 

Tilbake