Alle konfirmasjonar i Sogndal er utsette til hausten


Det er no fastsett nye datoar for konfirmasjonar i Sogndal kommune i oktober 2020.

 

Når det gjeld bakgrunn for utsetjinga vert det vist til pressemelding sendt ut 16.03.2020 frå Den norske kyrkja sentralt.

Det er sendt ut informasjon til konfirmantar og konfirmantforeldre og her er datoane som er fastsette:

laurdag 3. oktober: Ølmheim kyrkje kl 11.00

laurdag 10. oktober: Stedje kyrkje kl 10.00 og 12.30

laurdag 17. oktober: Stedje kyrkje kl 10.00 og 12.30

sundag 18. oktober: Tjugum kyrkje kl.11.00

laurdag 24. oktober: Lekanger kyrkje OG Kaupanger kyrkje, begge stader kl 10.00 og 12.30

sundag 25. oktober: Sæle kyrkje kl.11.00

laurdag 31. oktober: Leikanger kyrkje kl.10.00 og 12.30 OG Fjærland kyrkje kl. 11.00

Legg merke til at alle konfirmasjonane er på laurdagar med unntak av dei to i Balestrand.

Tilbake