Film- og temakveld: "Kyrkja si rolle i krig"


Film- og temakveld: "Kyrkja si rolle i krig"


Velkomen til ein interessant kveld på Stedjetunet!

24. august er Ukraina sin sjølvstendedag/nasjonaldag, og i det høvet inviterer Kyrkja i Sogndal til film- og temakveld på Stedjetunet 2 dagar etter, onsdag 26. august, kl. 18:00!

Filmskaparar frå Ukraina vil vere der og vise nokre prislønte dokumentarfilmar dei laga for 10 år sidan, då krigen allereie stod på i dei austlege delane av landet. Filmane skildrar mellom anna kyrkja si rolle i krigen, og heiter “Kapellanen” og “Brød”. Ein dokumentarisk og historisk kveld om kva krigen gjer med eit lokalsamfunn – og korleis menneske prøver å halde fast på tru, verdigheit og heilt vanleg liv.

Filmane er teksta på norsk, og før visinga vil dei som står bak filmane innleie om det, og så vert det høve til samtale etterpå.

Enkel servering: kaffi/te og noko attåt.

Tilbake