Fire måndagar i perioden 12. januar til 23. februar er du velkommen til ein ny runde med "Tid for tru" i Balestrand. Tema denne gongen er "Fire måndagskveldar med Filipparbrevet" der Kjetil Netland og Gunn Berit Bøthun innleier.
Fire måndagskveldar med Filipparbrevet
Stad: Bedehuset Betel, Balestrand
Tid: Måndagar kl.19.30 - 21.15
Paulus skreiv brev til vener i Filippi medan han sat i fengsel.
- Korleis heldt han motet oppe då situasjonen såg mørk ut?
- Kva og kven vart til hjelp for han?

- Korleis makta han å oppmuntre venene sine?
- Korleis er brevet aktuelt for oss i dag
Datoar:
12. januar: Felleskapen - i Kristus (Fil. 1,1 - 26)
26. januar: Livet - i Kristus (Fil 1,27 - 2,30)
9. februar: Håpet - i Kristus (Fil 3,1- 4,1)
23. februar: Gleda - i Kristus (Fil 4,1 - 26)
Vi startar kvelden med enkel kveldsmat i lag (kr 30)
Deretter blir det undervisning ved Kjetil Netland og Gunn Berit Bøthun.
Samtale rundt borda etter undervisninga.
Arr: Balestrand sokneråd og Bedehuset Betel