"Det lysande mørkret" - tru og truspraksis i Jon Fosse sitt storverk Septologien


"Det lysande mørkret" - tru og truspraksis i Jon Fosse sitt storverk Septologien


Det vekte oppsikt då prisvinnar Jon Fosse avslutta Nobel-føredraget sitt med å takke Gud. Men trus-tematikken har vore til stades i heile Fosse sitt forfattarskap. I Septologien bryt dette fram i kraft, gjennomsyra som storverket er av kristen tru og truspraksis. Dette kjem til uttrykk ikkje berre i hovudpersonen Asle si praktisering av si katolske tru og refleksjonar over denne. Men også korleis han i biletkunsten sin heile vegen søkjer etter å finne «det lysande mørkret» som Gud møter oss i.

Foto av Jon Fosse

Dette kan verke noko tungt tilgjengeleg i fyrste omgang. Fosse sin særprega skrivemåte med dvelande gjentakingar, utan punktum, med sitat av kristne tenkjarar på tysk og latin, krev noko av lesaren. Det kan såleis vere kjærkome med litt lesehjelp.

Dette er Roar Strømme sitt innsteg når han kåserer om trua og truspraksisen i Septologien på kulturkvelden i Sogndal. Her får me også lytte til nokre av Fosse sine dikt, og synge Fosse sin Nattsalme, som har fått plass i salmeboka. Det vert sett av god tid til innspel og samtale.

Roar Strømme er vikarprest i Hardanger og har tidlegare vore sokneprest i Lærdal og i Strandebarm, der Fosse vaks opp. Her har han m.a. vore delaktig i Fosse-dagane, som årleg vert skipa til av Fosse-stiftinga.

Vel møtt til Stedjetunet onsdag 3. desember kl. 18.00.

Pris: kr. 50,-

Arrangør: Kyrkja i Sogndal i samarbeid med Noregs Mållag

Tilbake