Kaffe og prat på Stedje gravplass


Kaffe og prat på Stedje gravplass


Vel møtt til kaffe og prat på Stedje gravplass søndag 2. november mellom kl. 16 og 17.

foto av kaffekopp framfor gravstein
Foto: Kirkerådet

Mange tenner lys på gravplassen på Helgesøndag/Alle helgens dag. Som kyrkje ynskjer vi å vere tilgjengeleg for den som er i sorg, og som kanskje treng ein å prate med. På Stedje gravplass søndag 2. november mellom kl. 16 til 17, kan du få ein kopp varm drikke og ein prat med dei som står der om du ynskjer det.

Ynskjer du ikkje kontakt med nokon medan du er på gravplassen, er det opp til deg.  

Vi ynskjer alle ei fin og god søndag.

Tilbake