Balestrand sokneråd ved jubileumsnemnda inviterer alle til å vere med og feire at det er 750 år sidan Kvamsøy kyrkje vart reist, og det vert program heile helga som kulminerer i jubileumsgudsteneste søndag 8. juni kl.12.00 der Biskop Ragnhild deltek.
Program for helga:
FREDAG 6. juni
* kl. 17.00 Kunstutstilling i "Privaten" på Kviknes Hotel med lokale kunstnarar i Balestrand og opning av jubileumshelga ved soknerådsleiar Kristin H. Eilifsen. Song av Sissel Marie Frøyland.
LAURDAG 7. juni
- Frå kl. 12.00 Pilegrimsvandring både på fastlandet (frå oppkøyrsel Saurdal eller frå Målsnes) og/eller på nye stiar ute på Kvamsøy bl.a. til Olavskjelda.
Det er fint å nyte medbrakt nistemat på «øyna» eller på friluftsområdet på fastlandet der ein også kan grille. Avduking av kunstverk av Geir Hjetland på friluftsområdet kl 14.30.
- 17.00 Jubileumskonsert i Kvamsøy kyrkje med Eyolf Østrem (gregoriansk song), Dordi Boksasp Lerum (folketonar) og Hallgrim Skjerdal (hardingfele). Konserten kostar kr 300 (inkludert båtskyss).
SØNDAG 8. juni - PINSEDAG
- kl.12.00 Jubileumsgudsteneste ved Runar Matsui-Li, der prost Kjell Olav H. Nordheim og biskop Ragnhild Jepsen deltek. Balestrand Songlag deltek med song. Jubileumsoffer. Båskyssen startar frå kl. 10.30: kr. 60 t/r for vaksne over 16 år. Born gratis.
Etter gudstenesta vert det betasuppe og kyrkjekaffi på friluftsområdet på fastlandet. Nærare info kjem.