6.april er heile familien og kyrkjelyden velkomne til Påskefest for alle i Ølmheim kyrkje og Leikanger kyrkje. Det blir utdeling av bøker til nokre aldersgrupper. Sjå under for kven som er særskilt inviterte.
Påskefestgudstenesta i Ølmheim kyrkje blir klokka 13.00. 4-6-åringar får invitasjon i posten. Seksåringane får Mi kyrkjebok 6 pluss arbeidshefte. Femåringane får ei klistremerkebok om påske. Fireåringane får eit fargeleggingshefte. Konfirmantane i soknet har ei viktig rolle i gudstenesta.

Påskefest for alle i Leikanger kyrkje blir kl. 11.00. 5-6-åringane er særskilt inviterte med brev i posten. Seksåringane får Mi kyrkjebok 6 og femåringane får klistremerkebok om påske. Konfirmantane er med å lage gudstenesta. Det blir kyrkjekaffi etterpå.

ALLE som er interesserte er velkomne, også dei som ikkje har fått brev i posten. Kyrkja i Songdal sender ut invitasjonar til barn som er medlem eller trusopplæringsabonnentar, då de er desse me har informasjon om. Dei som ikkje er medlem eller har abonnement, er også like velkomne.
Kontaktperson: Trusopplæringsleiar Birte Husum, 94798799, BH278@kyrkja.no.