Tårnagent for 8- og 9-åringar


Tårnagent for 8- og 9-åringar


Laurdag 22. mars er det duka for den populære Tårnagentdagen. I år er det dei som er fødde i 2016 og 2017 som blir inviterte og kan melde seg på. Me samlast i Ølmheim kyrkje i Norum sokn kl.10-14 denne dagen. Er du nysgjerrig på kva tårnagent er for noko, kan du lese meir under.

Meld deg på her

Invitasjonen har gått ut til alle medlemmar og trusopplæringsabonnentar i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn som er fødde i 2016 og 2017.

Tårnagentdagen er full av spennande opplevingar. Ein får utforske kyrkja og klokkene i kyrkjetårnet. Me skal lære om kodar og symbol, leike, leite, synge og bevege oss. Me skal vere både ute og inne, så det er lurt å kle seg etter veret. Dette blir veldig kjekt!

Englevakter
Har du ein vaksen som du har lyst å ha med? Foreldre, fadrar, besteforeldre eller andre kan få vere englevakter. Dei følgjer gruppene rundt på dei ulike postane, hjelper til under måltid og anna praktisk som dukkar opp. Marker i påmeldinga om du tek med deg ein englevakt.

Mat, påmelding og betaling.

Me et pølser i brød ca. kl. 12, og avsluttar med ei enkel gudsteneste kl. 13.30- 14.00, der me inviterer med vaksne og familie som ikkje er englevakter også. Pris: kr. 50,- (Vipps #77449). Påmelding innan tysdag 18.mars. Dagen krev mykje planlegging. Difor er påmelding viktig.

Meld deg på her

Hjarteleg velkomen som tårnagent!

Med venleg helsing sokna i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje
v/ Birte Husum, leiar for trusopplæringa.
Tlf. 947 98 799, birte.husum@sogndal.kyrkja.no.

Tilbake