Sprell Levande gudsteneste 02.03.25


Sprell Levande gudsteneste 02.03.25


Søndag 02.mars er det duka for ny Sprell Levande gudsteneste med utdeling av fireårsbok, og femåringane får klistremerkebok.

Det er fastelavensøndag, så me feirar med ei Sprell Levande gudsteneste! Dei som er fødde januar til juni i 2021 inviterte til å få fireårsboka, medan heile 2020-kullet (dei som fyller 5 år i år) er inviterte til å få ei flott klistremerkebok med tema påske. Sjølv om du ikkje har fått invitasjon i posten er du hjarteleg velkomen! 

Er du fødd siste halvdel av 2021, får du invitasjon til å kome på hausttakkefesten og får fireårsboka der. 

Eit barn skal døypast i gudstenesta, som vert leia av sokneprest Astrid og tursopplærar Birte. Kyrkjetenar Bente og organist Hallgeir legg til rette for det praktiske og musikken. 

Ta kontakt om du treng tilrettelegging, og har du ikkje høve til å kome, er det berre å kome innom kyrkjekontoret ein dag det passar og hente deg ei bok. 

 

 

Beste helsing Birte Husum, leiar i trusopplæringa.

Mobil: 94798799 eller kyrkjekontoret 57679985

E-post: BH278@kyrkja.no eller post.sogndal@kyrkja.no

Tilbake