Laurdag 25. januar kl. 18.00 vert det ny konsert i Stedje kyrkje med pianisten Liv Glaser, lokale musikarar og lokale unge talent.
Konserten som skulle ha vore i oktober, vart diverre utsett på kort varsel på grunn av sjukdom. No er det duka for ny konsert i Stedje kyrkje.
Liv Glaser fylde 89 år i haust, og har hatt ei stor karriere som pianist. Ho var den første som spelte inn Edvard Grieg sine Lyriske stykker (1965), innspelingar som i desse dagar er gjort tilgjengelege på CD.
Ho vart ansatt som førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole i Oslo då denne vart oppretta i 1973, og var frå 1994 professor på same stad fram til ho gjekk av med pensjon i 2005.
Vi gler oss til å få besøk av Liv, og ser frem til å høyra ho spele på Stedje kyrkje sitt flotte Steinway-flygel.
I tillegg til Liv, vil vi òg løfte fram nokre unge talent frå området i konserten:
- Brynjar Åm Fuglestad (klaver) - 15 år, frå Balestrand
- Vilde Pontoppidan Kviberg (fløyte) - 16 år, frå Leikanger
- Tobias Wilson (fløyte) - 15 år, frå Leikanger
- Teodor Wilson (trompet) - frå Leikanger
I tillegg til desse, bidreg òg lokale musikarar i konserten:
- Helga Farestveit (song)
- Bjørn Gisle Seter (song)
- Akiko Anazawa (klaver)
- Hans Holgersson (cello)
- Hallgeir Øgaard Westli (akkompagnement, klaver)
Konserten er gratis, men det vert høve til å gje ei kollektgåve til Sogn Kulturfest for dekning av utgifter, samt nedbetaling av flygelet i Stedje kyrkje.
Konserten vert støtta av:
- Sogndal kommune (Kulturmidlar)
- Kyrkja i Sogndal
- Quality Hotel Sogndal
- Tharaso AS
- Toyota Sogn
Vel møtt!
Arrangør: Sogn Kulturfest