UTSETT: Gratis konsert med Liv Glaser, lokale musikarar og unge talent


UTSETT: Gratis konsert med Liv Glaser, lokale musikarar og unge talent


KONSERTEN VERT UTSETT GRUNNA SJUKDOM

Vi fekk i dag (21. oktober) beskjed om at Liv Glaser diverre er vorten sjuk, og difor ikkje kan kome over fjellet som planlagt. Vi utset difor konserten til over nyttår. Følg med på nettsidene våre og sosiale medier for ny dato når dette kjem.

Laurdag 26. oktober kl. 18.00 vert det konsert i Stedje kyrkje med pianisten Liv Glaser, lokale musikarar og lokale unge talent.

Liv Glaser har nett fylt 89 år, og har hatt ei stor karriere som pianist. Ho var den første som spelte inn Edvard Grieg sine Lyriske stykker (1965), innspelingar som i desse dagar er gjort tilgjengelege på CD.

Ho vart ansatt som førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole i Oslo då denne vart oppretta i 1973, og var frå 1994 professor på same stad fram til ho gjekk av med pensjon i 2005.

Vi gler oss til å få besøk av Liv, og ser frem til å høyra ho spele på Stedje kyrkje sitt flotte Steinway-flygel.

I tillegg til Liv, vil vi òg løfte fram nokre unge talent frå området i konserten:

- Brynjar Åm Fuglestad (klaver) - 15 år, frå Balestrand
- Teodor Wilson (trompet) - frå Leikanger

I tillegg til desse, bidreg òg lokale musikarar i konserten:
- Helga Farestveit (song)
- Hans Holgersson (cello)
- Hallgeir Øgaard Westli (akkompagnement, klaver)

Konserten er gratis, men det vert høve til å gje ei kollektgåve til Sogn Kulturfest for dekning av utgifter, samt nedbetaling av flygelet i Stedje kyrkje.

Konserten vert støtta av:
- Sogndal kommune (Kulturmidlar)
- Kyrkja i Sogndal
- Quality Hotel Sogndal
- Tharaso AS
- Toyota Sogn

Vel møtt!

Arrangør: Sogn Kulturfest

Tilbake