Krølleklubben 4-5


Krølleklubben 4-5


Hausten 2024 starta me opp Krølleklubben for dei som er fylt 4 og 5 år (førskulealder). Dette har blitt eit populært tiltak, og me held fram våren 2025. Alle som vil kan kome til Stedjetunet kvar tredje torsdag for song, leik, forteljing/høgtlesing og kveldsmat. Her kjem litt meir info og datoane for vinteren/våren 25.

Alle bilder: Pixabay.com

Om du har vore med på Småtrolltrall, kan du kanskje fleire av songane me syng. Du vil også kjenne igjen Krølle, som kjem. Det er fint å ha med seg føresette, som er velkomne til å bidra praktisk om dei har høve til det. Det er Marit Vold og gode hjelparar som leier Krølleklubben. Kontingent kr. 50,- pr. halvår. 

Free ai generated jesus sheep illustration

Hjarteleg velkomne desse torsdagane kl.17.15 - 18.30: 

  • 30.januar UTGÅR
  • 20.februar
  • 13.mars
  • 3.april
  • 24.april
  • 15.mai

 

Ved spørsmål eller behov for tilrettelegging (til dømes mat), ta kontakt med trusopplærar Birte Husum, tlf. 94798799. 

BH278@kyrkja.no

Tilbake