Kyrkjelydsturen til Veitastrond er fullteikna - plass på venteliste


Velkommen til kyrkjelydstur for vaksne frå alle sokn til Veitastrond fredag 2. august. Turen er fullteikna per 2. juli, men det er mogeleg å skrive seg på venteliste fram til fristen går ut 30. juli (det stod feil frist i kyrkjelydsbladet)

Foto frå Veitastrond
Foto: Jan-Tore Egge // Wikimedia

Avreise kl. 09.00 frå skysstasjonen i Sogndal, møt seinast kl. 8.45. Vi er attende innan kl. 17.

Aud Marit Hilleren er med som lokal guide, saman med Vidar Lægreid, og soknediakon Gitte Th.Torstad som turleiar.

Vi kan vente oss mange spennande historier og glimt, gode og hyggelege stopp på turen!

Vi skal ete middag på Tungestølen, og det vert høve til å handle lokale produkt, som lefse og geitost, på turen. Det vert ordna skyss med bil opp til sjølve Tungestølen for dei som treng det. Meld frå om du treng spesiell diett. Turen kostar kr. 600,-

Påmeldingsfrist: 30. juli til kyrkjekontoret, tlf. 57679985.

Ta med ei ekstra sekk med det du elles måtte behøve for ein dag på tur

Tilbake