750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov skal markerast som eit nasjonalt jubileum i 2024. I samband med dette inviterer Vik kulturskule til konsert i Leikanger kyrkje måndag 10. juni kl. 18.00.
Kulturskulen ynskjer å illustrere Magnus Lagabøtes liv med musikk, kunst og den daglege levemåten ein truleg levde på i den tida. Det blir sett søkelys på historia lova var ein del av.
Steinkyrkjene i Sogn vart alle bygd rundt tida lova og lovgjevingsarbeidet vart gjort, og dannar soleis ei flott historisk ramme for arrangementa.
Arrangementet er gratis.