Laurdag 15. juni kjem Bergen domkor og Østerlide til Leikanger kyrkje for å halde konsert. Bergen domkor vert også med på friluftsgudstenesta på De Heibergske samlingar (Kaupanger) søndag 16. juni kl. 11.00.
Tid: |
Laurdag 15. juni kl. 18.00 |
Stad: |
Leikanger kyrkje |
Billett, ordinær: |
Kr. 250,- |
Billett, honnør/student: |
Kr. 150,- |
Born under 15 år: |
Gratis |
Billettkjøp: |
TicketCo |
I år blir jubileet for Magnus Lagabøtes landslov fra 1274 markert over heile landet. Østerlide og Bergen Domkor held Festspillkonsert saman i Håkonshallen, og i juni tek dei konserten på turné til Sogn!
I sentrum står middelalderballadane og folkemelodiane. Balladane har truleg sitt opphav frå Lagabøte si tid på 1200-tallet, og dei tidlause folketonane er forma gjennom århundra. Tekstane reflekterer på ulike måtar «dei fire systrene» i Lagabøte si landslov: Miskunn, sanning, rettferd og fred.
Den kritikerroste folkemusikktrioen Østerlide meistrar eit stort spekter musikalske stemningar. Bergen Domkor er eit av dei leiande kammerkora i Noreg, og forvaltar og videreutviklar den rike kyrkjemusikalske tradisjonen. Dei to ensembla delar gleda over å presentere gamalt musikalsk materiale på nye måtar.
"Echoes through the centuries"
The folk music trio Østerlide and Bergen Cathedral Choir joins forces to celebrate The 750th anniversary of King Magnus VI the Law Mender's national law from 1274.
Østerlide
Bergen Domkor
Kjetil Almenning, dirigent
Kreditering bilder:
Østerlide: Ingvil Skeie Ljones
Bergen Domkor: Tuva Åserud