Det er ledig 12% stilling som kyrkjemusikar frå 01.09.24 - eventuelt for snarleg tilsetjing. Søknadsfrist: 1. april 2024.
Kyrkja i Sogndal er ein aktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette. Til saman utgjer staben 16 fellesrådstilsette, 5 prestar og 1 prost. Me vil gjerne ha med DEG på eit lag som er engasjert i kyrkjemusikk og kyrkja sitt arbeid!
Det er ledig 12% stilling som kyrkjemusikar frå 01.09.24 - eventuelt for snarleg tilsetjing.
Stillinga har Sogndal kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og vil ha hovudarbeidsstad i Balestrand sokn med Tjugum, Sæle og Kvamsøy kyrkjer. I tillegg kan det påreknast tenester i St. Olafs kyrkje og nokon andre gudstenestestader og utandørs gudstenester.
Stillinga får medansvar for det kyrkjemusikalske arbeidet i Balestrand sokn saman med kyrkjemusikk-kollega.
I kyrkjene i Balestrand har ein fylgjande instrument:
Tjugum kyrkje – mekanisk kyrkjeorgel og flygel
Sæle kyrkje – elektronisk orgel og elektronisk piano
Kvamsøy kyrkje – trøorgel
St. Olafs kyrkje – elektronisk piano
Me søkjer etter ein person med relevant musikkutdanning.
Arbeidsoppgåver:
- Førebu og gjennomføre det musikalske knytt til gudstenester. Dette omfattar også kyrkjelyden sin song, konsertar, musikkformidling og rådgjeving.
- Kyrkjemusikalsk medverknad i trusopplæring, institusjonsandaktar og anna aktivitet i kyrkjelyden.
- Samarbeide med eksisterande musikkmiljø
- Samarbeid med andre tilsette
Me kan tilby:
- løn etter tariff og kvalifikasjonar
- pensjons- og forsikringsordning i KLP
Det vert kravd medlemskap i Den norske kyrkja. Det vert kravt oppdatert politiattest ved tilsetting. Søkjar må disponere eigen bil. Køyregodtgjersle i samsvar med gjeldande regulativ. Kvelds- og helgearbeid må reknast med. Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar som evne til utøving av musikk, samarbeid, organisering og god kommunikasjon verte særleg vektlagde.
Nærmare informasjon får du ved å vende deg til Sogndal kyrkjekontor v/kyrkjeverje; tlf. 57 67 99 85
Søknadsfrist: 1. april 2024.
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, men du vil bli varsla dersom ynsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Skriftleg søknad skal sendast til:
kyrkjeverje@sogndal.kyrkja.no
eller:
Sogndal kyrkjelege fellesråd
v/ administrasjonsutvalet
Kyrkjevegen 6
6856 Sogndal