Det er ledig vikariat i 25% stilling som kyrkjetenar i Balestrand sokn. Søknadsfrist: 1. april 2024
Kyrkja i Sogndal er ein aktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette. Til saman utgjer staben 16 fellesrådstilsette og 5 prestar og 1 prost. Me arbeider aktivt med å utvikle og forbetre oss, og vil i den samanhengen gjerne ha DEG med på laget!
Det er ledig vikariat i 25% stilling som kyrkjetenar i Balestrand sokn. Vikariatet er ledig for snarleg tilsetjing, og kan bli gjort om til fast stilling. Om ynskjeleg er det mogleg å søkje på deler av stillinga.
Stillinga har Sogndal kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og vil ha hovudarbeidsstad i Balestrand sokn med Tjugum, Sæle og Kvamsøy kyrkjer. I tillegg kan det påreknast tenester i St. Olafs kyrkje og nokon andre gudstenestestader og utandørs gudstenester. Kyrkjetenaren vil få arbeidsoppgåver i samband med den praktiske drifta av kyrkja. Stillinga inneber ein del helge- og høgtidsarbeid, deltaking ved kyrkjelege handlingar, reinhald, tilsyn o.l.
Me ynskjer allsidige søkjarar som kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha evne til samarbeid.
Me kan tilby:
- Løn etter tariff og kvalifikasjonar
- Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Det vert kravd medlemskap i Den norske kyrkja. Søkjar må disponere eigen bil. Køyregodtgjersle i samsvar med gjeldande regulativ. Kvelds- og helge- og høgtidsarbeid må reknast med. Ved tilsetjing vil også personlege eigenskapar som evne til samarbeid, organisering og kommunikasjon bli vurdert.
Nærmare informasjon får du ved å vende deg til Sogndal kyrkjekontor v/kyrkjeverje; tlf. 57 67 99 85.
Søknadsfrist er 1. april 2024.
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, men du vil bli varsla dersom ynsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Skriftleg søknad skal sendast til:
kyrkjeverje@sogndal.kyrkja.no
eller:
Sogndal kyrkjelege fellesråd
v/ administrasjonsutvalet
Kyrkjevegen 6
6856 SOGNDAL.