Måndag 26. februar kl. 19.30 vert det ein flott konsert i Stedje kyrkje med innviing av vårt flotte Steinway-flygel!
Flygelet, som vart produsert av Steinway i 1916/1917, og restaurert i 2022-2023, er eit klenodium som vi allereie har fått ha stor glede av. No gler vi oss til å ha ei formell innviingskonsert av dette flotte instrumentet.
Vi har fått med oss gode og dyktige krefter til å innvie flygelet, og vi gler oss til å vise fram vårt flotte instrument. På konserten vil du få høyre:
- Joakim Biondi (Klaver)
- Akiko Anazawa (Klaver)
- Bjørn Gisle Seter (Song)
- Dora David (Fløyte)
- Børge Vatlestad (Klaver/Tangentar)
- Kjell Olav Høstaker Nordheim (Song og konferansier)
- Arild Slinde (Obo)
- Hallgeir Øgaard Westli (Klaver)
Konserten byrjar kl. 19.30 og varer ca. 1t 30min.
Konserten er gratis, men det vert høve til å gje ei kollektgåve til sluttfinansiering av flygelet.
Arrangørar er Sogn Kulturfest i samarbeid med Kyrkja i Sogndal.
Vi takkar Amfi Sogningen og Quality Hotel Sogndal som stiller som sponsorar for konserten