JULEMUSIKK OG SONG MED LOKALE KREFTER 2023


JULEMUSIKK OG SONG MED LOKALE KREFTER 2023


Også i år blir det mykje song og musikk i sokna våre i adventstida. Lokale krefter bidreg alle stader. Du kan kome på konsertar eller vere med å synge jula inn.  (Artikkelen vert oppdatert). (Foto: Pixabay.com)

Julekule og notar.
  • Fjærland kyrkje: søndag 10.12. kl. 15:00: Julekonsert med:
    • Fjærland musikkorps, Fjærland kammerkor, Fjærland ungdomskor, Fjærland skule, Messingtrio, Leif Arne Nordheim.
    • Andakt ved Astrid Bondevik. 
  • Tjugum kyrkje: søndag 10.12. kl. 17:00: Julekonsert med:
    • Balestrand gospelkor (nytt), Balestrand songlag , Gudvin Steinar Haraldsson, Kulturskuleelevar, Jentegruppe, Jorunn Høines, Laila Vang. Allsong.
    • Andakt ved Olav Åm Risa. Fri inngang - Kollekt til restaurering av kyrkjeorgelet.
  • Leikanger kyrkje: onsdag 06.12. kl. 17.30: ØVING for dei som vil vere med i Luciakoret den 13.12. For barn i alle aldre. 
  • Leikanger kyrkje: onsdag 13.12. kl. 07.00: Luciamorgon; stemningsfullt tog med lys og song ved Luciakoret. Servering av lussekattar, kakao, kaffi og saft. 

 

(Foto: Vegard Bondevik Lie. Viser Luciakoret i Leikanger kyrkje)

 

  • Leikanger kyrkje: onsdag 13.12. kl. 19:00 (Klokkeslettet er endra): Julekonsert med:
    • Leikanger skulemusikk, Systrond damekor, Leikanger mannskor og solistinnslag. 
  • Ølmheim kyrkje: søndag 17.12. kl. 16:00: Julekonsert med: 
    • Norum songlag, Norane skule og oppvekstsenter, kantor Arild Slinde og Geir Olav Lerheim med venner.
    • Andakt ved soknediakon Gitte Therkelsen Torstad.  
  • Skogly, Kaupanger: søndag 17.12. kl. 16:00: Julekonsert med:
    • Kaupanger bygdakor, Kaupanger Skule- og ungdomskorps, +aspirantane, Louise Tveito, Anette Menes.
    • Andakt ved prostiprest Kathrine Valle. 
  • Stedje kyrkje: søndag 17.12. kl. 19:00: Julekonsert med:
    • Sogndal songlag, Norum songlag, Sogndal skulemusikk og musikklag, kantor Arild Slinde​​​​​​.
    • Andakt ved soknediakon Gitte Therkelsen Torstad. 
  • Stedje kyrkje: onsdag 20.12. kl. 17:30: "Vi syng jula inn".
    • Barnegospelen og Gospelkoret Glimt deltek.
    • Mykje allsong.
    • Ungdomsprest Andreas Danbolt leier. Musikalsk ansvarleg kantor Arild Slinde.  
Tilbake