I september eller oktober hausten 2024 vil vi starte ei ny sorggruppe for dei som er interessert. Det er mogleg å melde seg interessert til å delta i sorggruppe allereie no, utan at du dermed forpliktar deg til hausten. Ta kontakt med soknediakon Gitte, tlf. 97416519
Sorggruppa held til på Stedjetunet, Kyrkjevegen 6, i Sogndal. Første samling vert når det er minimum 5 deltakarar. Etter førebels plan vert samlingane mandagar kl. 17.30 – ca. 19.30.
Livet møter oss med både gode og vonde dagar. Noko av det som er mest vanskeleg, er når ein av våre næraste døyr. Det kan vere vanskeleg å vere åleine med sorg og sakn. Det kan vere godt å kome saman med andre som har opplevd noko liknande. Å snakke saman, dele tankar og erfaringar, kan bli til hjelp og støtte på vegen vidare.
Vi startar ny sorggruppe på Stedjetunet, Kyrkjevegen 6, i Sogndal. Etter planen vert samlingane mandagar kl. 17.30 – ca. 19.30. Etter fyrste samlinga kan det vere lettare å bestemme seg for om du vil vere med i sorggruppa og fortsetje samtalene i gruppa.
Greitt å vite om sorggruppe
- Mellom 5-8 deltakarar.
- Alle har teieplikt ovanfor kvarandre.
- Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 10-12 samlingar.
- Tema basert, men fleksibelt.
- Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
- Sorggruppetilbodet er gratis.
- Sorggruppa er utvikla med støtte frå Kirkerådet.
- Velkomen til å ta kontakt med diakon Gitte: tlf. 97416519
Sorggruppeleiarar:
Gitte Therkelsen Torstad
Tlf: 97416519
E-post: gt686@kyrkja.no |
Bente Karin Vatlestad
Sjukepleiar
Lærar i Helse og oppvekst |