LYS VAKEN 2025 for 11-åringar


LYS VAKEN 2025 for 11-åringar


10-åringane kan lese meir her, kor dei også kan melde seg på.

8.-9. november inviterer Kyrkja i Sogndal til ei kjekk Lys Vaken-helg for deg som er 11 år. Bli med på ei spennande helg fylt med leiker, konkurransar, song, aktivitetar, måltid, overnatting og gudsteneste. Me skal vere på Stedjetunet og i Stedje kyrkje. 

3 barn på Lys vaken klare for overnatting

Foto: Andreas Buarø/Den norske kyrkja.

PÅMELDING KJEM HER.Påmelding  

KVA:

Lys vaken handlar om å vere vakne for kvarandre, verda, seg sjølv og Gud. Dette vert ei veldig kjekk og heilt «utanom-det-vanlege» helg med leik, song, pizzafest og film, overnatting (for dei som vil), gudsteneste, Lys Vaken - kor og kyrkjekaffi.

KVEN:

11-åringar er velkomne på alt. 10-åringane er inviterte til pizzafest og kino. Familie, fadrar og alle kjente er velkomne på gudstenesta, søndag kl. 11.00. Dei som er medlem/trusopplæringsabonnent i Den norske kyrkja, og som bur i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum eller Stedje sokn, får invitasjon i posten. Ein treng ikkje vere døypt eller medlem i kyrkja for å melde seg på. 

STAD:

Stedjetunet (Kyrkjevegen 6) og Stedje kyrkje i Sogndal. Overnattinga vert i salane i fyrste etasje på Stedjetunet.

PRIS:

Kr. 100. Vipps til #77448 (LysVaken Sogndal og Leikanger).

PÅMELDING: Innan tysdag 4.11.25

Me har sett eit maks-tal på 25 som kan overnatte, så her er det fyrstemann til mølla som gjeld.

Me  ynskjer minimum 10 deltakarar for at me skal arrangere Lys Vaken. 

Merk i påmeldinga om du ynskjer overnatting eller ikkje.

  

 

Pakkeliste:

-Liggeunderlag, sovepose, pute

-Tannbørste og PYSJAMAS 😊

-Varme klede (me skal vere litt ute også), skiftekle til søndag.

- Teikneseriebibelen: Ta med om du har den, eller du kan få ein når du kjem.

Lat telefonen ligge att heime.

 

PROGRAM:

 

  • 16.00: Oppmøte, registrering, bli kjende på Stedjetunet
  • 16.30: Pizzafest
  • 17.00: Film og filmprat.
  • 19.00: 10-åringane går heim. Me andre går bort i kyrkja, der me har ulike aktivitetar. 
  • 21.00: Kveldsmat på Stedjetunet.
  • 21.30: Spel, rigge sengeplass, fritid.
  • 22.00: Kveldsleik, -song og -samling.
  • 22.30: Dei som ikkje skal overnatte vert henta. Kveldsstell. Om me ikkje får nok nattevakter vert alle henta her. 
  • 23.30: God natt!

------------------------------------------------------------------------------------

  • 08.30: Vekking, morgonstell, frukost.
  • 09.00: Rydde, pakke, leike.
  • 10.00: Førebu gudstenesta.
  • 11.00: Gudsteneste m/ kyrkjekaffi. Heile slekta er velkommen! 

FRIVILLIGE

Me treng mange frivillige denne helga.

Marker i påmeldinga om du har nokon som kan bidra praktisk eller vere til stades noko av tida.

Eks. på oppgåver kan vere å lage til måltid, sitte nattevakt (sjå under overnatting), reinhald etter samlinga.

Tilrettelegging: Me ynskjer å legge til rette for at alle som vil kan delta på deler av eller heile arrangementet. Ta kontakt om det er noko me kan gjere for deg.

OVERNATTING

  • Den store salen blir delt i ein sal for gutar, og ein for jenter. 
  • Me treng NATTEVAKTER (som kan slumre i gangen etter kvart som deltakarane sovnar). Har du ein fadder, føresett, tante, onkel som kan gjere det? Be dei ta kontakt snarleg, eller skriv namn og telefonnummer i påmeldinga, så tek me kontakt. Om me ikkje får nattevakter, må alle hentast og overnatte heime, og kome tilbake søndag morgon. 
  • Hovudansvarlege leiarar skal sove på huset.
  • For deg som vil vere med UTAN overnatting: du kan hentast om kvelden ca. kl.22.30. Velkomen til frukost ca. kl.8.30 om søndagen, og me håpar du og familien blir med på gudstenesta, der Lys Vaken-koret deltek.

 

 

(Foto: Bente L. Sleen. Husum-bandet og Lys Vaken-deltakarane i Stedje kyrkje november 2022.)

  

 

Foto: Birte Husum. Frå Lys Vaken og kyrkjekino 2022. Fakkeltog (lys i mørket), kyrkekino og frukostbuffet. 

 

Set av helga, og bli med! 

 

Me gler oss, og håpar du kjem! Frist for påmelding er tysdag 4. november!

Medan du ventar kan du høyre på Lys våken-sangen og kanskje lære deg nokre dansetrinn om du vil. Og du kan sjå filmen frå Lys Vaken i 2022 (Om du har Facebook).

 

 

Beste helsing Birte Husum, leiar i trusopplæringa Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn. 

birte.husum@sogndal.kyrkja.no.

TLF: 94798799

Tilbake