10-åringane kan lese meir her, kor dei også kan melde seg på.
8.-9. november inviterer Kyrkja i Sogndal til ei kjekk Lys Vaken-helg for deg som er 11 år. Bli med på ei spennande helg fylt med leiker, konkurransar, song, aktivitetar, måltid, overnatting og gudsteneste. Me skal vere på Stedjetunet og i Stedje kyrkje.

Foto: Andreas Buarø/Den norske kyrkja.
PÅMELDING KJEM HER.Påmelding
KVA:
Lys vaken handlar om å vere vakne for kvarandre, verda, seg sjølv og Gud. Dette vert ei veldig kjekk og heilt «utanom-det-vanlege» helg med leik, song, pizzafest og film, overnatting (for dei som vil), gudsteneste, Lys Vaken - kor og kyrkjekaffi.
KVEN:
11-åringar er velkomne på alt. 10-åringane er inviterte til pizzafest og kino. Familie, fadrar og alle kjente er velkomne på gudstenesta, søndag kl. 11.00. Dei som er medlem/trusopplæringsabonnent i Den norske kyrkja, og som bur i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum eller Stedje sokn, får invitasjon i posten. Ein treng ikkje vere døypt eller medlem i kyrkja for å melde seg på.
STAD:
Stedjetunet (Kyrkjevegen 6) og Stedje kyrkje i Sogndal. Overnattinga vert i salane i fyrste etasje på Stedjetunet.
PRIS:
Kr. 100. Vipps til #77448 (LysVaken Sogndal og Leikanger).
PÅMELDING: Innan tysdag 4.11.25
Det vert ikkje overnatting denne gongen, då det var få som ynskte dette.
|
Pakkeliste:
- Teikneseriebibelen: Ta med om du har den, eller du kan få ein når du kjem.

Lat telefonen ligge att heime.
|
PROGRAM:
- 16.00: Oppmøte, registrering, bli kjende på Stedjetunet
- 16.30: Pizzafest
- 17.00: Film og filmprat.
- 19.00: 10-åringane går heim. Me andre går bort i kyrkja, der me har ulike aktivitetar. Song, drama, leik og lystenning.
- 21.00: Kveldsmat på Stedjetunet.
- 21.30: Spel, leik, fritid.
- 22.00: Kveldsleik, -song og -samling.
- 22.30: Henting
------------------------------------------------------------------------------------
- 09.30: Oppmøte i KYRKJA. Øving på det me skal gjere. Ha det kjekt i lag.
- 11.00: Gudsteneste for heile familien der Lys vaken og prosjektkoret deltek med song, drama og anna. Nattverd og bønevandring. Kyrkjekaffi.
Tilrettelegging: Me ynskjer å legge til rette for at alle som vil kan delta på deler av eller heile arrangementet. Ta kontakt om det er noko me kan gjere for deg.
OVERNATTING
- Overnattinga utgår denne gongen, då det var få påmelde til dette. I staden er alle med på alt, og søv og et frukost heime.
(Foto: Bente L. Sleen. Husum-bandet og Lys Vaken-deltakarane i Stedje kyrkje november 2022.)


Foto: Birte Husum. Frå Lys Vaken og kyrkjekino 2022. Fakkeltog (lys i mørket), kyrkekino og frukostbuffet.
Me gler oss, og håpar du kjem! Frist for påmelding er tysdag 4. november!
Medan du ventar kan du høyre på Lys våken-sangen og kanskje lære deg nokre dansetrinn om du vil. Og du kan sjå filmen frå Lys Vaken i 2022 (Om du har Facebook).
Beste helsing Birte Husum, leiar i trusopplæringa Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.
birte.husum@sogndal.kyrkja.no.
TLF: 94798799
