Babysong hausten 2024


Babysong er eit populært trusopplæringstiltak hjå Kyrkja i Sogndal, og me gler oss over alle dei nye sogningane som finn vegen i lag med sine føresette som har permisjon. Hjarteleg velkomne til koselege samlingar med songar, regler og sosialt samver! 

Foto: Bo Mathisen. Viser mor med baby, og inneheld datoar for babysong hausten 2024. Teksten står i artikkelen.

Babysong  er ein del av trusopplæringa for Kyrkja i Sogndal, og vert leia av trusopplærar i lag med kantorane, som spelar piano. Mange kjekke frivillege i dei ulike kyrkjelydane står som vertskap, og lagar til koseleg lunsj til dei frammøtte. Me har ikkje påmelding, så det er berre å møte opp når det passar å kome. Det kostar kr. 30,- for lunsjen. Den betalast via VIPPS. De er hjarteleg velkomne uansett kor de bur, og treng ikkje vera medlem i kyrkja for å delta. Me syng kristne songar, bøner og bordvers, men har også med fleire kjende kjære "allmenne" barnesongar og regler med bevegelsar. 

 

Stedje og Kaupanger har babysong på onsdagar, medan Leikanger har torsdagar. Alle samlingar startar kl. 11.00 med ein halvtimes songstund. Etterpå er det mat og prat fram til kl. 12.30. Hausten 2024 vert det babysong desse datoane: 

Stedjetunet (storsalen i første etasje, Kyrkjevegen 6, Sogndal):

· 28.08.

· 11.09.

· 25.09.

· 09.10.

· 23.10.

· 06.11.

· 20.11.

 

Kaupanger bedehus (Brekkeflaten 6, like nedanfor Kaupanger skule): 

· 04.09.

· 18.09.

· 02.10.

· 16.10.

· 30.10.

· 13.11.

· 27.11.

 

 

Leikanger kyrkjelydshus (tidlegare Klokkargarden. På oppsida av vegen for Leikanger kyrkje):

· 29.08.

· 12.09.

· 26.09.

· 10.10.

· 24.10.

· 07.11.

· 21.11.

 

 

Ved spørsmål eller behov for tilrettelegging, ta kontakt med underteikna. 

Hjarteleg velkomne til babysong!

 

 

Mvh. leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn

Birte Husum

Tlf: 94798799

E-post: bh278@kyrkja.no

Foto: Bo Mathisen. Viser 4 babyar i som vert halde opp av sterke armar. 

Gåver til arbeidet eller lunsjbetaling kan VIPPSast til: 

  • Stedje: Babysang, Sogndal kyrkjelege fellesråd: #72198
  • Kaupanger sokneråd: #106852
  • Leikanger sokneråd: #136868

 

 

Tilbake