Flygelet er endeleg komen på plass i Stedje kyrkje - i slutten av september fekk vi vårt "nye" flygel i Stedje kyrkje: Eit Steinway Model B frå 1917, som kom nyrestaurert til kyrkja, og framstår som eit heilt nytt flygel.
Flygelet er på plass i Stedje kyrkje. Foto: Hallgeir Øgaard Westli
Vi er svært stolte over flygelet, og er svært takksame for all økonomisk støtte vi har fått for å få dette på plass. Vi er særleg takksame for at Sparebanken Sogndal Jubileumsfond gav heile kr. 200.000,- til flygelet. Saman med mange små og større gjevarar, deriblant Sogndal kommune, kom vi tidleg på sommaren 2023 så langt at vi kunne kjøpe eit flygel.
Stedje sokneråd forskutterte restsummen som mangla for at vi kunne kjøpe flygelet. Med det kunne vi kjøpe flygelet no, og ikkje vente på at innsamlinga kom heilt i mål.
Det tyder at vi framleis treng gjevarar, for å kunne tilbakebetale Stedje sokneråd den summen dei har forskuttert. Status pr. januar 2025 er at vi treng om lag kr. 12.000,-. Mange har allereie gitt, og vi takkar for alle dei gåver som har vore gitt og framleis vert gitt til flygelet.
Ynskjer du å bidra er det fleire måtar du kan støtte prosjektet:
VIPPS: Send valgfri sum til Vipps-nr 512003 (Stedje sokneråd). Merk di gåve med "Flygel, Stedje kyrkje"
Større pengegåver: Om du som privatperson, eller di bedrift, ynskjer å bidra med større pengegåver, ta kontakt med kyrkjekontoret (telefon 57 67 99 85) for informasjon om kontonummer til Stedje sokneråd.
Takk for alle gåver som vert gitt!
Sist oppdatert: 31. januar 2025