Kyrkjelydstur langs Lustrafjorden 19. august


Kyrkjelydstur langs Lustrafjorden 19. august


Årvisst arrangerer Kyrkja i Sogndal tur med buss for pensjonistar! I år er turen lagt til dei mange vakre perlene langs Lustrafjorden! Turen startar på skysstasjonen i Sogndal, med frammøte kl. 09.00. Retur ca. kl. 18.15.
Påmelding til kyrkjekontoret, tlf. 57679985, innan 14.august.

Motiv frå Lustrafjorden. Speilblank fjord med snødekte toppar og eit cruiseskip. Fotograf: Vegard Bondevik Lie
Motiv frå Lustrafjorden. Foto: Vegard Bondevik Lie

Det kan vere smart å melde seg på tidleg! Vi vitjar Urnes stavkyrkje, Feigum, Sørheim, Vassbakken camping der vi et middag, Bjørk, Hauge gard og Dale kyrkje før vi vender nasen til Sogndal att. Vidar Lægreid er guide undervegs, Gitte Th.Torstad, soknediakon er turleiar saman med turkomiteen. Det vert høve å kjøpe m.a jordbær/bringebær/spekemat og ost undervegs, viss sesongen er god!

I tillegg vert det høve å kjøpe seg kaffi og kaffimat på nokre av stadene vi stoppar. Turen kostar kr. 600,- og inkluderer buss, ferje, inngang på Urnes, anna guiding, middag,dessert og kaffi på Vassbakken.

Betalinga kan skje i bussen, kontant eller på vipps.

Det er lurt å ha med seg ein liten tursekk, og det er fint om nokon vil bidra med historie, dikt eller anna som er kjekt for alle!

Venleg helsing

Gitte Th. Torstad
Soknediakon

Tilbake