2. pinsedag i Kvamsøy kyrkje: Fjordgudsteneste og historisk foredrag


Måndag 29. mai kl. 12.00, 2. pinsedag, er du velkommen til både gudsteneste og foredrag ved historikar Rasmus Sunde i mellomalderkyrkja i Balestrand, Kvamsøy kyrkje.

Kvamsøy kyrkje ligg på øya Kvamsøy i Balestrand, Sogndal kommune. Foto: Jostein Risa

Ei av to årlege gudstenester i Kvamsøy kyrkje pleier vere i pinsa og etter gudstenesta andre pinsedag 2023 inviterer Balestrand sokneråd til historisk foredrag ved historikar Rasmus Sunde: "Kvamsøy og Kvamsøy kyrkje i historisk perspektiv."

Båtskyssen går i skytteltrafikk frå Kvamsøy kai frå kl.11.00 og utover. Pris kr. 60 t/r (over 16 år), born gratis.

Gudstenesta vert leia av sokneprest Kjetil Netland. Nattverd. Takkoffer til Sygna vgs. Ta med mat og drikke til eige bruk til kyrkjekaffi på kyrkjebakken. Kle deg gjerne i varme klede og ta med noko å sitje på; det er ikkje varme i kyrkja.

Etter gudsteneste og kyrkjekaffi er  alle inviterte til foredraget ved Rasmus Sunde.

Mellomalderkyrkja på Kvamsøy har nyleg gjennom­gått ei stor restaurering utvendig og framstår no meir rusta for framtidig vind og vêr. Velkommen gudsteneste og foredrag i denne særmerkte kyrkja.

Tilbake