Onsdag 10. mai frå kl. 15.00 - 17.30 kan du få kjøpe middag på Stedjetunet. Arrangementet er ope for alle som vil. Middagen er laga av frivillige i kyrkjelydane.
I samband med TV-aksjonen hausten 2022 vart det skipa til familiemiddag på Stedjetunet. Tilbakemeldingane frå dette var så god, at me ynskjer å vidareføre konseptet. Me kallar det no "MIDDAG FOR ALLE", og vil prøve å få til servering ca annakvar månad.
Me har fått god drahjelp frå Rema 1000 og Lerum, og sender dei ein stor takk! I tillegg har me ein flott gjeng frivillege frå kyrkjelydane, som har delt seg i arrangørgrupper. Saman vil dei skape ein god møteplass for alle som kjem og kjøper seg eit måltid.
Fyrste datoen som er sett opp er 10. mai.
Pris: |
|
Born: |
0-5 år: gratis |
|
6-12 år: kr. 50 |
Frå 13 år og oppover: |
kr. 100 pr. pers. |
Familie: |
kr. 250 (mor, far og barn) |
Du er varmt velkomen!
Matservering på Stedjetunet.
Har du spørsmål eller treng tilrettelegging? Ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 57 67 99 85 eller post@sogndal.kyrkja.no.