Leikanger kyrkje stengd grunna renovering av orgelet


Leikanger kyrkje vil vere stengd i perioden 29. mai til ca. 10. juli grunna renovering av orgelet. Gudstester og andre kyrkjelege handlingar vil i perioden måtte gå frå andre kyrkjer eller lokale. Vi orsakar for konsekvensar dette vil gje, men gler oss til å få renovert orgelet slik at dette kan fungere betre i mange år til.

Foto av orgelet i Leikanger kyrkje

Orgelet i Leikanger kyrkje vart bygd av den norske orgelbyggjaren J. H. Jørgensen i 1981. J. H. Jørgensen var eit firma med røter tilbake til 1876, og er den mest aktive orgelbyggjaren som har vore i Noreg, med godt over 1000 bygde instrument i si levetid. Firmaet vart lagd ned offisielt i 1990, men avviklinga starta nokre år før. Orgelet i Leikanger er eit av dei siste instrumenta som J. H. Jørgensen bygde.

Når orgelet no er passert 40 år, så er det ein del ting som trengs å gjerast:

  • Det har gjennom åra samla seg mykje støv og skit i instrumentet, og det trengs difor ei grundig reingjering, både av mekaniske deler og piper
  • I orgelhuset, som er frå 1913, er det nokre panel som har sprukke opp. Desse skal skiftast ut.
  • Mekanikken skal gjennomgås og justerast/reparerast der det er behov
  • Etter grundig reingjering av pipene, skal orgelet reintonerast. Dette tyder å tilpasse klangen på nytt, slik at orgelet vil klinge godt i kyrkja.
  • Det skal lagast fastmontert stige inne i orgelet, slik at organisten kan kome seg til pipene på ein god og trygg måte.
  • Orgelhuset skal målast på ny der det er behov. Fasaden vil behalde dagens fargar.

Gudstenester og andre arrangement

Sidan kyrkja er stengd, vil arrangement i kyrkja måtte vere andre plassar.

Gustenester vil gå anten frå Kyrkjelyshuset eller dersom veret tillett det, vil dei vere i friluft.

Eventuelle gravferder i perioden, vil måtte gå frå andre kyrkjer.

Meir informasjon om prosjektet?

Ynskjer du meir informasjon, ta kontakt med kantor Hallgeir Øgaard Westli. E-post: Hallgeir.Westli@sogndal.kyrkja.no. Telefon: 94 00 38 34.

Tilbake