Foto: Keshav Nrugham
Innhald
Medlemmar
Tal møte og saker
Andre verv
Tilsette
Gudstenester
Kyrkjelege handlingar
Offer og innsamlingar
Arrangement gjennom året
Trusopplæringa
Konfirmantarbeidet
Ungdomsarbeid
Diakonitenesta
Frivillige – frivilligarbeid
Økonomi
Kyrkjelydshytta
Stedjetunet
Medlemmar i Stedje sokneråd 2022
Hans Magne Kvåle |
Leiar, medlem av arbeidsutval for soknerådet
Leiar i trusopplæringsutvalet |
Kari Torhild Kvåle |
Nestleiar, medlem arbeidsutvalet og repr. i ungdomsarbeidsutvalet |
Bente Karin Vatlestad |
Nestleiar i diakoniutvalet |
Berit Amundsen |
Skrivar og medlem arbeidsutvalet, vara redaksjonsutv. kyrkjelydsbladet |
Per Hilleren |
Leiar i Fellesrådet |
Helge Torstad |
Medlem |
Bjørn Skjeldestad |
Representant i styret for kyrkjelydshytta, vara til fellesrådet |
Eldbjørg Reppen Ølnes |
Vara til diakoniutvalet |
Vegard Bondevik Lie |
Koordinerande sokneprest |
Sigfred Stenehjem |
1. vara |
Lars Helge Flugheim |
2. vara, vara til styret for kyrkjelydshytta |
Aashild Vikdal |
3. vara, vara til trusopplæringsutvalet |
Oddbjørg B Uglum |
4. Vara og vara til ungdomsarbeidsutvalet |
Ingunn Karin Torstad Løvik |
5. Vara og representant i redaksjonsnemnda for kyrkjelydsbladet |
Leif Arne Nordheim |
Kasserar |
Arne Flatland |
Revisor |
Tal møte og saker
I 2022 hadde soknerådet åtte møte og handsama 27 vedtakssaker. Soknerådet har sine møte på Stedjetunet, men i juni blei møtet lagt til Kyrkjelydshytta, der vi hadde rømmegraut og spekemat, kaffi og kaker.
Årsmøtet fann stad 27. april på Stedjetunet i forkant av soknerådsmøtet.
Den 17. november vart det halde eit felles møte for fellesråd og sokneråd på Leikanger. Frå Stedje sokneråd deltok: Kari Torhild Kvåle, Bente Karin Vatlestad, Eldbjørg Reppen Ølnes, Helge Torstad og Hans Magne Kvåle.
Andre verv
Styret for Kyrkjelydshytta |
Bjørn Skjeldestad, Randi Kollsete, Karstein Bergheim, Ove Bukholm, Lars Atle Fretland, Gitte Torstad |
Ansvarleg for medliturgane |
Soknerådet v/kyrkjekontoret. |
Ansvarleg for kyrkjevertane |
Soknerådet v/kyrkjekontoret. |
Ansvarleg for kyrkjekaffilistene |
Soknerådet v/kyrkjekontoret. |
Felles diakoniutval
Medlemar frå alle fem sokneråda i Fellesråds-området. Ressurs- og drøftingsgruppe, som saman med diakonen koordinerer tiltak, drøftar aktuelle prosjekt og tenester. |
Dei valde for perioden 2020-2024 er:
Stedje: Bente Karin Vatlestad, nestl., vara Eldbjørg Ølnes
Norum: Gunnhild Øvretun, vara Heidi Fondenes
Fjærland: Siv Jane Rauboti , vara Kari B Skeide
Kaupanger: Margunn Lomheim, leiar, vara Anny Hofvik.
Leikanger: Eli Marita Vik Næss, vara Tove Stensås |
Felles trusopplæringsutval |
Grete Mundal (Fjærland), Anita Instefjord (Leikanger), Marie Bukholm (Kaupanger), Sigrid Mari-Ann Hovden Brusegard (Ølmheim), Hans Magne Kvåle, leiar (Stedje).
Birte Husum, trusopplæringsleiar. |
Forstanderskapet Stedjetunet (frå Stedje sokn) |
Marit Ellingsen, Are Kvistad, Gøril Vikøren, Arne Flatland, Sigmar Åberge, Jarle Aarvoll (vara). |
Styret for stiftingi Stedjetunet |
Aud Marie Stundal, Helge Torstad, Ove Bukholm, Gudrun Skjerdal, Åse Storegjerde. |
Tilsette
Leiande kyrkjetenar |
Bente Leirdal Sleen |
Kantor |
Arild Slinde og Hallgeir Øgaard Westli |
Soknediakon |
Gitte Therkelsen Torstad |
Kyrkjeverje |
Jorunn Merete Haukås-Eide |
Assisterande kyrkjeverje |
Magny Ugulsvik Bukholm |
Sekretær |
Torunn E. Skjelbred, gjekk av med pensjon 1. september
Anita Instefjord 60% stilling frå 1. september |
Trusopplæringsleiar |
Birte Husum |
Sokneprest |
Prestevikar Helge Torstad
50% stilling første halvår, 100% stilling andre halvår |
Ungdoms- og studentprest |
Andreas Eikevik Danbolt |
Koordinerande sokneprest |
Vegard Bondevik Lie |
Prost |
Geir Paulsen |
Helge Torstad tok til som prestevikar i 50% stilling frå januar, noko som vart ei god løysing då det ikkje meldte seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som sokneprest då denne vart lyst ut i 2021. Frå 1. juli blei Torstad tilsett i 100% stilling.
At biskopen gjekk for ei løysing der Torstad fekk 100% stilling, gjorde at soknet fekk kontinuitet i prestefunksjonen.
Gudstenester
|
2022 |
2021 |
2020 |
2019 |
2018 |
2017 |
2016 |
2015 |
Tal gudstenester, totalt |
58 |
53 |
52 |
57 |
61 |
57 |
63 |
58 |
Samla tal deltakarar |
5733 |
4428 |
2744 |
6367 |
6408 |
6440 |
7257 |
6866 |
Gjennomsnitt deltakartal |
99 |
83 |
53 |
111 |
105 |
113 |
115 |
118 |
Søndaggudstenester |
44 |
39 |
44 |
44 |
48 |
41 |
48 |
50 |
Total deltakartal |
3869 |
2888 |
2396 |
4833 |
5004 |
4892 |
5320 |
6088 |
Gudstenester utanom søn/helg |
14 |
14 |
8 |
15 |
13 |
16 |
15 |
8 |
Totalt deltakartal |
1864 |
1540 |
348 |
1534 |
1404 |
1548 |
1937 |
778 |
Familiegudstenester |
7 |
5 |
- |
3 |
5 |
8 |
8 |
7 |
Total deltakartal |
840 |
426 |
- |
430 |
880 |
1333 |
1245 |
1194 |
Gudstenester med nattverd |
20 |
10 |
14 |
32 |
33 |
31 |
35 |
34 |
Deltakartal, skulegudstenester |
690 (2) |
102 (3) |
198 |
382 |
609 |
645 |
608 |
576 |
Deltakartal, barnehage-gudstenester |
185 (1) |
324 (3) |
187 |
246 |
270 |
- |
180 |
- |
Deltakartal, julaftan-gudstenester |
512 (3) |
124 (2) |
75 |
748 |
909 |
821 |
878 |
766 |
Gudstenester med andre sokn |
10 |
|
|
|
|
|
|
|
Kyrkjelege handlingar
|
2022 |
2021 |
2020 |
2019 |
2018 |
2017 |
2016 |
2015 |
Gudstenester med dåp |
19 |
23 |
17 |
18 |
22 |
18 |
21 |
21 |
Totalt tal deltakarar |
1464 |
1359 |
1139 |
2041 |
2342 |
2287 |
2567 |
2263 |
Tal døypte |
36 |
36 |
33 |
42 |
35 |
37 |
43 |
37 |
Konfirmerte |
51 |
48 |
58 |
49 |
54 |
52 |
62 |
54 |
Vigsler |
4 |
6 |
3 |
5 |
6 |
5 |
4 |
5 |
Gravferder |
42 |
38 |
32 |
42 |
40 |
28 |
50 |
34 |
Offer og innsamlingar
I alt vart det gitt kr 139.743 i offer under gudstenestene i 2022 (kr 60.000 i 2021, kr 70.000 i 2020, kr 163.000 i 2019).
Etter pandemien har tal gudstenester auka og dermed også ofringane. Bruken av Vipps til ofring er etablert som ei ordinær ordning.
At det ikkje kom inn så mykje pengar under pandemien, er naturleg. Men sjølv om vi no har fått ein pen auke i 2022, er vi ikkje heilt tilbake til nivået i 2019.
Offer til kyrkjelydsarbeidet og diakoniarbeidet
Offer til kyrkjelydsarbeidet og diakoniarbeidet utgjorde kr 62.551 i 2022 I 2021 var denne summen 23.795 Vi har altså ein klar auke i høve til under pandemien. Vi er likevel ikkje tilbake til nivået før pandemien. Tilsvarande offer i 2019 var på 86.369.
Andre innsamlingar / gåver
Kr 107.835 blei samla inn av kyrkjelyden ved andre innsamlingar, ved gåver, basarar, messer og liknande. Av denne summen gjekk kr 55.995 til kyrkjelyden si verksemd.
Kr 59.000 er motteke til nytt piano/flygel.
Fasteaksjonen – kr 55.000
I 2022 vart fasteaksjonen gjennomført som bøsseaksjon den 5. april. Då gjekk konfirmantane ein ordinær dør-til-døraksjon. Soknerådet og andre frivillige hjalp til med gjennomføringa. I tillegg til det som kom inn i bøssene (kr 44 238), ga folk direkte til Kirkens Nødhjelp, fasteaksjonen digitalt eller via Vipps (kr. 11 602). Til saman vart innsamla 55 000.
Arrangement gjennom året
Dette året kunne vi seie farvel til pandemirestriksjonane, men like før årsskiftet var det ein del oppblomstring av Covid, noko som påverka aktiviteten i starten på året. Juletrefest i kyrkja og fakkeltog vart ikke arrangert. Det same galt leir for konfirmantane. Den fekk eit litt endra opplegg i mars.
Resten av året vart meir og meir normalisert, og aktiviteten har vore stor. Vi nemner:
- Dugnad inne i kyrkja og ute på kyrkjegarden både vår og haust
- Open kyrkje og bøn for Ukraina søndag 27. februar
- Klokkeringing for Ukraina søndag 13. mars
- Orgelkonsert ved Arild Slinde 31. mars og ved Hallgeir Øgaard Westli 28. april med kollekt til innkjøp av nytt piano eller flygel
- Songseminar for frivillige 23. april
- Friluftsgudsteneste med kyrkjekaffi på Sogn Folkemuseum 19. juni
- Friluftsgudsteneste på Kyrkjelydshytta 21. august
- Kyrkjelydstur til Askvoll 18. august
- Middag på Stedjetunet i samband med TV-aksjonen til Leger uten grenser 20. oktober
- Torsdagklubben, song- og musikksamling for personar med psykisk utviklingshemming
- Kåseri om Hans Nielsen Hauge ved Frode Skag Storheim. 33 til stades.
- Sorggruppe v/diakon Gitte T. Torstad
- Bønegruppe på Stedjetunet v/Astrid og Stein Bondevik
- Medarbeidarfest i kyrkja for dei frivillige 28. september. 84 deltakarar.
- Basar på Stedjetunet for kyrkjelydshytta 14. september.
- «Stille kveld med tidebøn» onsdagar v/ Astrid og Stein Bondevik
- 5. oktober: prostivisitas og avskjedsgudsteneste med biskop Halvor Nordhaug
- Gospelgudsteneste
- Diakoniens dag 20. november
- Karimesse fredag 25. november i kyrkjeavdelinga på Sogn folkemuseum: Livet og kyrkja på 1200-talet ved sokneprest Kathrine Valle
- «Vi syng jula inn» 15. desember
- Open kyrkje i alt 11 gongar.
- I alt 9 konsertar eller musikkandakter (6 i regi av kyrkjelyden, 3 av andre) I alt 962 til stades
- I alt 63 andaktar, i hovudsak på Sogndal helse- og omsorgssenter
Det var stor stas at Trudvang skule fylte Stedje kyrkje då dei gjennomførte julekonsert med 4. og 5. skuletrinn både føremiddag og ettermiddag ein dag i desember. Dette var første konserten deira etter pandemien.
|
Frå Trudvang sin julekonsert
|
Kyrkjelydsturen i august gjekk dette året til Askvoll der Kjell Olav Nordheim var sokneprest. Det var ein særs vellukka tur på alle måtar, og alle tykte det var triveleg å få møte «gamlepresten».
|
Frå kyrkjelydsturen til Askvoll
|
Kyrkja var på det næraste fullsett då vi kunne synge jula inn i kyrkja i staden for å stå ute, slik det var nødvendig året før med pandemirestriksjonar.
|
Plakat for "Vi syng jula inn"
|
Julafta på Stedjetunet gjorde det mogleg å få feire jul i lag med andre, om ein ikkje hadde familie sjølv å feire med.
|
Julenissen kom også til open julaftan på Stedjetunet
|
12 juni var det samling for konfirmantane frå 1950, -51 og -52. På grunn av pandemien var tre årskull samla denne gongen.
|
Foto frå samling for 50-, 51- og 52-årskonfirmantar i Stedje
|
Trusopplæringa - TOL
Frå Sprell-levande-gudsteneste i Stedje kyrkje.
Stedje sokn jobbar etter ein trusopplæringsplan - TOL (revidert i 2018) som gjer greie for gjennomføring av ulike alderstilpassa tiltak og konkrete læringsmål med tema: «Kyrkja si tru og tradisjon», «Livstolking og livsmeistring» og «Kristen tru i praksis».
Det er mange frivillige som deltek.
Trusopplæringsutvalet har hatt 4 møte.
Det er éin aktiv søndagsskule i soknet (Notsete), og dei har hatt 5 samlingar med 11 einskilde barn, 6 deltakarar i snitt.
Birte Husum har gitt denne oversikten over trusopplæringa:
Tiltak |
Deltakarar |
Tal samlingar |
Kommentar |
Babysong
0-1 år |
23 |
|
Viser til eige skriv for totalt frammøte. Det har også vore deltakarar frå Kaupanger, Fjærland og Norum på Stedjetunet. Dei er ikkje med i talet her. Mange frivillige deltek. |
Dåpssamtale/åp |
44 |
|
30 dåpssamtalar i 2022-kullet, 14 dåpssamtalar i 2021-kullet. I tillegg kjem 4 større barn/unge som er døypte. Dei er ikkje førte her. |
Småtrolltrall
1-5 år |
38
5 frå andre sokn |
Vår: 6
Haust: 6 |
Føregår på Stedjetunet. Frivillige er med. Gjennomsnitt tal deltakarar pr samling innafor målgruppa er 9 barn. Mange barn har med fleire i familien. Opptil 30 til 50 personar til stades. |
Utdeling av 4-årsbok |
Vår: 10
Haust: 20 |
Vår: 1
Haust: 1 |
Halve årskullet blir invitert på vårens Sprell Levande, andre halvdel på hausttakkefesten. 73% oppmøte. Siste året med «Mi kyrkjebok». Frå 2023 «Kyrkjeboka mi» (Sindre Skeie). |
Sprell Levande, vår
Sprell Levande, haust
ca 3-9 år |
3
9 |
2 |
|
Utdeling av seksårsbok |
22 |
2 timar med førsamling |
Påskefest for alle. 16 frammøtte i gudstenesta. Dei fleste også med på førsamling. Pga sjukdom hjå fleire blei bok henta på kyrkjekontoret, eller henta av vener i gudstenesta. |
Skulestartsgudsteneste med utdeling av arbeidshefte |
9 |
1
1 time |
47 inviterte. 9 møtte, og ein av dei hadde ikkje fått boka frå før. Det betyr at 23 seksåringar har fått bok (sjå påskefest for alle). 92 elevar starta i første klasse på Trudvang skule i 2022. Det betyr at rett over halvparten er medlem i Dnk. Ingen trusopplæringsabonnentar. OBS: promoter tilhøyrig-muligheit og abonnement!! |
Engleverkstad |
4 |
1 time |
Stedjetunet.
I alt 7 barn då 2 frå Kaupanger og 1 frå Fjærland også møtte. I tillegg var det med 3 søsken i alderen 5-9 år i tillegg til vaksne i familien. |
Tårnagentdag for 8-åringar |
3
2 |
4 timar |
Ølmheim kyrkje. Det var 17 deltakarar totalt frå alle sokn. Kolliderte med BAMA-cup i Sogndal. |
Førjulskino |
12 |
3 timar |
Vart arrangert laurdagen i Lys Vaken-helga. Fyrste gong me gjennomførte dette. Utanom Stedje sokn deltok 7 10-åringar frå andre sokn. I tillegg var 14 Lys Vaken-deltararar med. Det vil seie at 33 deltakarar totalt på pizzafest og kino. |
Utdeling av «Bibelen – ei vandring gjennom den store forteljinga» |
17 |
|
14 møtte på gudstenesta. I tillegg fekk 3 utdelt boka på Lys Vaken, der me brukte boka aktivt. |
"LysVaken" for 11-12-åringar |
12 |
16 timar |
Stedjetunet/Stedje kyrkje. 14 totalt frå alle sokn. 10 overnatta. Stor dugnadsinnsats frå foreldre, diakoniutvalet og andre frivillige. |
Konfirmasjonsopplæring |
53 |
60 timar |
Nær 30 frivillige og foreldre har vore med.
Pga koronautbrot kring jula 2021 vart leirane som skulle vore i januar 2022 utsett til mars. |
Barnehagesamarbeid
Tradisjonen tru deltok Stedje barnehage på hausttakkefesten i oktober. Me hadde ei samling i kyrkja i forkant der dei fekk øve, og dei song til glede for store og små på gudstenesta søndagen.
I starten av adventstida hadde me 6 grupper frå 5 ulike barnehagar innom kyrkja på adventsvandring, der me lekte englar, gjetarar, Maria og Josef, og song nokre julesongar i lag på veg til stallen der Jesus vart fødd.
Barnehagegudstenesta i desember samla om lag 200 små og store. Før og etter denne samlinga fekk borna pynte kyrkja med sjølvlaga englar på dei tradisjonelle englehimlane framme og bak i kyrkja. Det vart skikkeleg fint, og me hadde mange kjekke samtalar med ungane.
Konfirmantarbeidet
Ungdomsprest Andreas Danbolt har gitt soknerådet denne orienteringa:
Konfirmantåret følgjer skuleåret, så denne orienteringa gjeld hausten 2021 og våren 2022.
Ein del av konfirmantarbeidet vert lagt opp som samlingar for heile fellesområdet og ikkje berre for einskilde sokn. Det galt t.d. oppstarten i Stedje kyrkje 19. august og leirhelg.
Utover hausten gjennomførte vi individuelle samtalar og hadde samlingar med undervisning.
Rundt årsskiftet kom ei ny korona-stenging, men vi rakk akkurat lysmessa før jul. Der er det tradisjon at konfirmantar deltek. Konfirmantleirane som skulle vore i januar måtte dessverre avlysast, men me fekk til ei leirhelg 25.-27. mars. Grunna fleire avlyste gudstenester og koronarestriksjonar fekk ikkje konfirmantane vere med på så mange gudstenester som eigentleg ligg i opplegget.
Avslutninga av konfirmantåret gjekk fint. Vi fekk til samtalegudsteneste med god deltaking og flotte konfirmasjonsgudstenester. Totalt var 52 konfirmantar konfirmert i Stedje sokn våren 2022. Stor takk til alle som har vore med som frivillige i konfirmantåret.
Stor takk også til alle som har vore på gudstenestene der konfirmantane har delteke eller hatt ansvar. Det betyr mykje for oss som arbeider med konfirmantane at dei får sjå og vere ein del av kyrkjelyden.
Ungdomsarbeid
Etter initiativ frå ungdomsarbeidsutvalet vart det starta opp eit ungdomskor våren 2022 med organist Hallgeir Øgaard Westli som musikalsk leiar. Responsen var ikkje veldig stor. Fire ungdommar meldte si interesse. Dei har bidrege ved nokre høve i kyrkja. Eit anna prøveprosjekt var «etter skuletid» på Stedjetunet våren 2022. Det var berekna på konfirmantar, og dei fekk mat, leksehjelp, andakt, spel og sosialt samver.
Konseptet fungerte godt og freista til gjentaking. Å få til «etter skuletid» som eit permanent opplegg på Stedjetunet ville vere kjekt, men det krev litt ekstra ressursar med bidrag frå frivillige.
Diakonitenesta
Diakonitenesta i kyrkjelyden vert leia av diakon Gitte Therkelsen Torstad som har 100% stilling som diakon. Stillingsinstruksen frå 2012 og Tenesteordning frå 2004 femner breidt og gjer at diakonen er involvert i ei stor breidde med aktivitetar.
Medlemmane av diakoniutvalet og andre frivillige stør opp om arbeidet, men det er ingen tvil om at diakonen sjølv er ei drivkraft i dette arbeidet. Diakoniutvalet har utarbeidd Felles plan for diakoni, og denne planen ligg til grunn for dei tiltaka som vert sett i verk.
Nokre av diakonen sine oppgåver i 2022:
- Sorgarbeid. Ein-til-ein-samtale med sørgande
- Sorggruppe. I samarbeid med Bente Karin Vatlestad som frivillig
- Sjelesorg og livskrisehjelp
- Konfirmantarbeid, teamarbeid og tilrettelegging
- Besøksteneste
- Soknebod (nattverd i heimen)
- Gravferd (15 og 1 urnenedsetting)
- Gudstenester
- Andakter på SHOS og i Leihgota.
- Kyrkjelydsbladet (tekstbidrag)
- Open julaften-feiring på Stedjetunet. 34 påmeldte. Samarbeid med Frivilligsentralen Sogndal
- Juletrefest /fakkeltog vart avlyst pga oppblomstring av Covid
- Dåpsring
- AOF- undervisning av helsefagarbeidarar (studieforbund for fagskoleutdanning)
- Studentrettleiing hausten -22 der diakonen hadde ansvar for 1 diakonistudent frå VID (Diakonhjemmet) som hadde kyrkjelydspraksis i 3 veker.
- Deltek i Beredskapsordninga for prestane
- Deltok som rettleiar i samtaleprosjekt på Shos, psykisk helse ved AOF studentar.
- Kyrkjelydstur for eldre, organisering
- Studentrettleiing
Frivillige – frivilligarbeid
Staben stelte i stand ein flott kveld i kyrkja
28. september for å gjere stas på dei frivillige.
Diakonen har medansvar for dei frivillige si teneste i kyrkjelyden med oppfølging, informasjon, opplæring og kurs. Handlingsplan for frivillige med rutineskildringar ligg til grunn for dette. Dei frivillige fekk ei tydeleg og viktig rolle etter at Handlingsplanen vart utarbeidd og sett i verk i 2019.
Det er eit stort tal frivillige som gjer ein uvurderleg innsats på mange ulike område av kyrkja sitt arbeid. For eksempel:
- Andakter ved Sogndal Omsorgssenter
- Kyrkjevert
- Kyrkjekaffiteneste
- Medliturg /tekstlesar
- Besøksteneste, organisert eller meir «privat»
- Dugnad på kyrkjegarden og i kyrkja
- Medhjelparar i konfirmantarbeidet og i trusopplæringa.
- Dåpsringen og Kyrkjeringen
- Kyrkjelydstur
- Kvardagstru. Samarbeid mellom frivillige og tilsette
Rekneskap
Rekneskapet vert i sin heilskap presentert i eige vedlegg.
Kyrkjelydshytta
Kyrkjelydshytta i Sogndalsdalen.
Gjennom året har kyrkjelydshytta vore utleigd ved fleire høve, og kyrkjelyden feira også gudsteneste der 21.august.
Basaren 14.september fekk eit netto resultat på nesten kr.35.000,- Tusen takk til veldig mange frivillige som bidrog!
To unge gutar frå Sogndalsdalen har tatt på seg grasklipping og snømåking mot noko godtgjersle. Dette lettar styret sitt arbeid!
Ytterveggen på kjøkkensida vart isolert hausten 2022 som frivillig arbeid av Johannes Tubbene og Lars Atle Fretland. Styret for kyrkjelydshytta er nevenyttige og flinke folk som sørgjer for godt vedlikehald og dermed god ivaretaking av hytta. Tusen takk for god innsats!
Stedjetunet - arbeidsplass og møteplass
Nye Stedjetunet
Stedjetunet har blitt innarbeidd som den staden der aktivitetar utanom gudstenestene går føre seg. Der er møterom for dei som har bruk for det. Der er forsamlingslokale for ulike aktivitetar. Og dei tilsette har sine kontor der. Ei ny tidsrekning starta då nye Stedjetunet kunne takast i bruk. Stedjetunet har vorte eit tenleg bygg for kyrkjelyden.
Basaren til inntekt for kyrkjelydshytta fann stad på Stedjetunet.
Sogndal 23. mars 2023
Stedje sokneråd takkar alle tilsette og frivillige for innsatsen i 2022.