Årsmelding 2022 - Leikanger sokn


Årsmelding 2022 - Leikanger sokn


Her kan du lese årsmeldinga for 2022 for Leikanger sokn. Du kan òg lese den i pdf-format her (PDF, 976kb - opnar i nytt vindu)!

Foto av Leikanger kyrkje

2022 vart året då det vart slutt på pandemien og dei mange restriksjonane som følgde med. Det ordinære gudstenestelivet kunne takast opp igjen, vi kunne fylle alle benkeradene under konfirmasjonane, og påske- og julegudstenestene var tilbake etter gammalt mønster. I kyrkjelydshuset har det vore babysong og tysdagstreff, og konfirmantane har hatt si undervisning der.

I 2022 var det 50 år sidan kyrkjeringane starta opp. Dette markerte vi i gudstenesta 13.mars, og på kyrkjekaffien i kyrkjelydshuset fekk vi høyre litt av historia frå oppstarten i 1972 og fram til i dag. Kyrkjeringane har skaffa mange ting til kyrkja; puter i benkane,  salmebøker og lysekrune i taket for å nemne noko. Dei vakre tekstilane på lesepulten, preikestolen og messehaklane er også finansiert av kyrkjeringane. Tusen takk! Takk også for dei gode kakene de bakte til kyrkjekaffien i Klokkargarden!

Golva i kyrkjelydshuset vart pussa og lakka i løpet av sommaren. Basar hadde vi som vanleg i november, med god deltaking og høg stemning!

Siste torsdag i april har vi den årlege dugnaden på kyrkjegardane. Deltakinga på dugnaden sette rekord i 2022.

Soknerådet har hatt sine møte i kyrkjelydshuset. Gjennom året har vi hatt åtte møte, og i tillegg har vi hatt eit fellesmøte med dei andre sokna.

Medlemmer i soknerådet i 2022:

  • Signe Eikenes – leiar
  • Åse Kongsvik – nestleiar
  • Tove Stensås – sekretær og vara til diakoniutvalet
  • Jon Erling Oppedal – medlem i fellesrådet
  • Tore Oddvin Stølen - leiar i husstyret for kyrkjelydshuset
  • Elin Borlaug Hauge - vararepresentant til fellesrådet
  • Vegard Bondevik Lie - sokneprest

Varamedlemer:

  • Eli Marita Vik Næss, medlem i diakoniutvalet
  • Grete Hamre
  • Ida Jørstad Røysum
  • Siri Andresen

Kommunestyret sin representant i fellesrådet:

Frode Bøthun for Sogndal Kommune

Rekneskap for soknerådet og kyrkjelydshuset:

Kirsti Bergfald Svangstu, rekneskap
Eivind Eikenes Dahle, revisjon

Rekneskap for kyrkjelydsbladet:

Arnold Hundershagen, rekneskap

Soknerådsmøte og saker

Soknerådet har hatt 9 møte. Årsmøtet vart avvikla søndag 20.mars, direkte etter Salmar og kaffi kl. 19:00. Soknerådet handsama i alt 50 saker i 2022, inkludert dei faste sakene.

Trusopplæringsutvalet:

Anita Instefjord er Leikanger sokneråd sin representant i tusopplæringsutvalet.
Varamedlem: Bjørn Sandvik Sølsnes

Diakoniutvalet

Eli Marita Vik Næss er Leikanger sokneråd sin representant i diakoniutvalet med Tove Stensås som varamedlem.

Fellesrådet

Jon Erling Oppedal er Leikanger sokneråd sin representant i diakoniutvalet med Elin Borlaug Hauge som vara.

Husstyret (Kyrkjelydshuset)

Ida Jørstad Røysum, Kjell Sæter, Soleana Giuseppe, Linda Grebstad Grinde og representant for soknerådet, Tore Oddvin Stølen, som var leiar.

Fasteaksjonen

Fasteaksjonen vart gjennomført på ettermiddagen 5.april. Dette er ein årleg dugnad siste veka før påske, med inntekt til Kirkens nødhjelp. Det er kyrkjelyden si innsamling, men konfirmantane og konfirmantforeldra gjer vanlegvis ein stor innsats for aksjonen. Etter to år med digitale innsamlingsaksjonar var det fint å få engasjert konfirmantane som bøsseberarar igjen. Det var høve til å gje både med kontantar og vipps. Totalt kom det inn 48 693 kr til Kirkens nødhjelp. Kontantbidraget var 17 522 kr. Dette er eit strålande og gledeleg resultat!

Gudstenester

Gudstenestene er navet i kyrkjelyden. Leikanger kyrkje har gudstenester om lag annakvar sundag. I tillegg kjem gudstenester i høgtidene og særskilde gudstenester. Det var i 2022 totalt 35 gudstenester med totalt 2 262 deltakarar. 3 gudstenester vart halde utanom søn- og heilagdagar, medan det vart halde 32 ordinære gudstenester i kyrkja.

Mange er engasjerte som medliturgar (medhjelparar) og deltek med lesing av tekst og bøner, styring av projektor og som kyrkjevertar. Her er vaksne og konfirmantar saman om oppgåvene.

Den planlagde fakkeltoggudstenesta 27.februar gjekk ut på grunn av sjukdom. Som i 2020 og i 2021 vart det også i påska 2022 sett opp ei påskevandring med plakatar på gravplassen ved kyrkja. Plakatar med bibeltekstar og illustrasjonar er laga av kunstnaren Magne V. Kristiansen.

Vi hadde fire gudstenester i påska. I pinsa hadde vi tre konfirmasjonsgudstenester. For å avvikle sommarferie var det felles gudstenester med Stedje sokn.
Det var to gudstenester julaftan i kyrkja, og andakt på sjukeheimen. Den første gudstenesta, kl.12, hadde relativ låg deltaking, medan gudstenesta kl. 16 var fullsett. Mellom gudsteneste var kyrkja open med kyrkjevert slik at folk kunne kome innom. Nokre nytta seg av dette tilbodet. Første juledag var det høgtidsgudsteneste.

Kyrkjelege handlingar i 2022

  • 11 (10) døypte
  • 27 (26) konfirmantar
  • 7 (2) vigsler
  • 13 (26) gravferder

(tala i parentes 2021)

Konsertar/arrangement

Den stemningsfulle Lucia-feiringa gjekk også i 2022 ut grunna ressursmangel.
Den tradisjonelle julekonserten med lokale aktørar var ei flott oppleving med i ei fullsett kyrkje.
Vi har ikkje teke opp igjen tradisjonen med 13. dagsfesten. Siste gongen den vart gjennomført var det dårleg oppmøte.

Diakoni og omsorg

Tysdagstreffa

Tysdagstreffa gjekk gjennom heile 2022 etter planen, men utan føredragshaldarar og varm mat. Treffa startar med song og andakt klokka 12.00, før det vert enkel servering, god prat og meire song. Vegard Bondevik Lie leiar treffa.

Skyss til gudstenestene

Soknerådet tilbyr køyring til gudstenestene for dei som treng skyss. Det er få som nyttar seg av ordninga.

Trusopplæring

Babysong

Totalt har 22 babyar vore innom babysong ein eller fleire gonger dette året. På våren var 10 babyar innom, tre av dei var fødde i 2022. Ein baby var med frå Norum sokn. Til saman var det seks samlingar dette semesteret. I løpet av hausten var 12 babyar innom ein eller fleire gonger på dei åtte samlingane, alle desse var fødde i 2022. Det er fleire av babyane som ikkje er døypte eller medlemer av Den norske kyrkja.

Ein god gjeng med frivillige er med og hjelper til. Det er ein fast «kjerne» på seks, og til saman har 10 pensjonerte damer vore innom kjøkkenet i 2022. «Gamle» medhjelparar inviterer med seg nye, kjekt! Ikkje alle nye vil vere med fast, men dei uttrykkjer at det er kjekt å vere med og hjelpe til.

På Stedjetunet i Sogndal er det tilbod om Småtrolltrall. Dette er tilbodet er ope for dei som bur på Leikanger også, men ingen nyttar tilbodet så langt. Trusopplæraren har eit ynskje/mål om at me kan starte opp eit eige tilbod om dette lokalt på Leikanger. Dette må drivast av frivillige, men trusopplæringsleiaren er gjerne med i ein oppstartsfase. Det er etterspurt hjå dei som går på babysong.

Frivillige medarbeidarar:

Gunhild Børtnes, Ingeborg Ugulsvik, Gerd Haugen, Ingerda Fossen, Sunneva Husabø og Målfrid Reppen er trufaste medhjelparar på babysongen.

4-åringar

4-åringane fekk utdelt «Mi kyrkjebok 4» på hausttakkefesten 2.oktober.12 av 19 inviterte deltok.

6-åringar

Seksårsboka blir delt ut på Påskefest for alle. Denne er første søndag etter påske. Konfirmantane hjelpte presten med å gjennomføre denne gudstenesta. Sju seksåringar møtte, og to fekk bøker vart sendt med andre. To andre fekk boka utdelt på skulestartgudstenesta, så til saman har 11 barn i soknet fått seksårsboka. 12 born var inviterte til skulestartgudsteneste, seks møtte.

Engleverkstad

Det vart arrangert engleverkstad for 7-åringane i kyrkjelydshuset før jul. Til saman var det 21 personar innom. Av desse var det sju 7-åringar med foreldre, og i tillegg var det fem søsken i aldersgruppa 4-9 år.

Tårnagentdag for 8-åringar

To kull var inviterte til dette arrangementet i Ølmheim kyrkje. Diverre kolliderte dette med BAMA-cup i Sogndal, og det var ein av grunnane til at det berre var totalt 17 som kom.

11-årsbibel /Lys vaken:

Lys Vaken vart flytta frå Leikanger til Stedje. Diverre var det ei handball-turnering for 11-åringane denne helga. Det var berre ein 11-åring som var med frå Leikanger. Kvelden før var det invitert til førjulskino på Stedjetunet. Her var også 10-åringane inviterte, og nokre frå Leikanger var med på dette.

Kyrkjesekk:

Soknerådet har tidlegare tilbydd ein «Kyrkjesekk», som er ein «barnekrok», som ungane kan ta med seg i kyrkjebenken. På grunn av smittevern var ikkje sekkane i bruk under pandemien, men sekkane er no tekne fram att. I sekken finn borna litt forskjellig; teiknesaker, bøker, osv. Heimestrikka labbar finn dei og, som dei kan ha på seg om dei vil bevege seg litt i kyrkja.

Barnehage/skule - kyrkje samarbeid

I løpet av eit år er det vanlegvis fleire kontaktpunkt mellom barnehagane og kyrkja og skulane og kyrkja, både i kyrkja og i barnehagen eller på skulen. I samband med høgtider er det gudstenester, og elles er det god dialog gjennom året.

Det var ute-samlingar i dei ulike barnehagane før påske, og fleire blomstergudstenester slik at vi ikkje blanda kohortane. Vi fekk til adventsvandringar før jul med alle tre barnehagane, samt gudsteneste med alle samla.

Soknepresten har vore på ungdomsskulen og informert om konfirmasjon før sommaren, og dei tilsette har hatt god dialog med skulane elles.

Høgskulen:

Høgskulen v/ Lena Skjerdal var på besøk med nye studentar i august. Dei fekk ei kort samling med fokus på kyrkjekunst og kultur. Sokneprest Vegard Bondevik Lie og kantor Hallgeir Øgaard Westli var med.

Konfirmasjonsførebuinga:

Foto frå lysmessa 2. søndag i advent 2022 i Leikanger kyrkje
Frå lysmessa i Leikanger kyrkje 2. søndag i advent 2022

Det er soknerådet som er ansvarleg for konfirmantopplegget. Ungdomsprest Andreas Danbolt og sokneprest Vegard Bondevik Lie har ansvaret for undervisninga, som i stor grad har vore ettermiddagssamlingar i kyrkjelydshuset. Dei har vore med på ulike arrangement gjennom konfirmasjonsåret. På grunn av eit koronautbrot på nyåret vart konfirmantleiren utsett ei helg i mars. Kullet vart delt i to og fekk ei overnatting kvar. Dette var ikkje ideelt, men det beste me kunne få til dette året.

16 frivillige og foreldre har vore med og hjelpt til i tillegg til dei tilsette. Takk for innsatsen til alle som har vore frivillige i konfirmantopplegget i 2022!

Det var 27 som vart konfirmert i 2022, på tre gudstenester i pinsa.

20 nye konfirmantar vart presentert hausten 2022. Undervisninga føregår på ettermiddagane tysdag og torsdag som hovudrytme. I september var konfirmantane på «Skaparverkstur» i Sogndalsdalen, og i desember førebudde og gjennomførde konfirmantane lysmessa 2. søndag i advent.

Konfirmantane er med som medhjelparar og gudstenestedeltakarar under gudstenester. Dei får mange lovord for den fine måten dei utfører oppgåvene sine på. Foreldra gjer eit stort dugnadsarbeid med køyring, baking og som medhjelparar på ulike arrangement. Konfirmantane hjelpte til på basaren 19.november, og foreldra stilte med kake.

Foreiningar

Kyrkjeringane

Kyrkjeringane har gjennom mange år vore gode støttespelarar for kyrkja. Den indre og midtre ringen vart slått saman i 2021, så nå er det to kyrkjeringar i bygda.

Kyrkjeringane feira 50 år i 2022, og dette vart markert under gudstenesta 13. mars med fest i kyrkjelydshuset i etterkant. Damene i kyrkjeringane sørga sjølv for gode kaker! Takk til kyrkjeringane for alt dei har bidrege med gjennom 50 år!

Desse var leiar /kontaktperson i kyrkjeringane:

  • Ytre: Sunneva Husabø
  • Indre og midtre: Ingeborg Ugulsvik

Anna frivillig verksemd

  • Bibelgruppe: Liv Eldholm
  • Leikanger Normisjon: Marit Askeland og Jorunn Kvalsvik Aase
  • Misjonssambandet: Gunnveig Tjønn

Leikanger kyrkjelydsblad

Kyrkjelydsbladet kjem med tre nummer i året: Før påske, tidleg haust og til jul. Sigrid Svartefoss er redaktør og har hatt med seg Signe Eikenes i redaksjonsnemnda. Elianne Eggum syter for design, medan Systrond damekor tok seg av distribusjon. Bladet har ein god økonomi og verkar bli lest og sett pris på. Like vel har soknerådet valt å legge ned kyrkjelydsbladet for Leikanger og heller ha eit felles blad med dei andre sokna; Balestrand, Stedje, Kaupanger og Fjærland. Etter kommunesamanslåinga i 2020 valde Leikanger å halde fram med eige blad medan Balestrand og Sogndal valde å ha eit felles blad. Sjå eige rekneskap for bladet.

Kyrkjelydshuset

Kyrkjelydshuset er eit godt hus for kyrkjelyden, og det vert nytta til både faste og sporadiske arrangement. I tillegg er det i bruk ved dåp, gravferder og konfirmasjon. Etter korona har bruken teke seg noko opp igjen.

Husstyret har sine styremøte i kyrkjelydshuset. Utover dette har saker /avklaringar vore handsama elektronisk. Det er sett opp vaktmeisterteneste frå månad til månad, og desse gjer, saman med slåttegjengen, ein god og viktig jobb.

Den årlege dugnaden av uteområdet vart gjennomført på våren. Etter sommarferien var det innvendig nedvask av deler av kyrkjelydshuset.

Den tradisjonelle basaren til inntekt for Kyrkjelydshuset vart halden 19.november. Det vart selt lodd på Kiwi og Prix laurdagen i forkant av basaren. Det var godt oppmøte og god stemning på basaren. Det var åresal i tillegg til gjennomgangslodd. Til saman fekk vi inn ca. 38.000 kr. Vi kan med fordel selje meir lodd i forkant av basaren, spesielt i tidsrommet då dei eldre har eldreskyss og er i sentrum. Konfirmantforeldre stilte med kaker. Eli V. Næss hadde hovudansvaret, og gjennomførte basaren saman med konfirmantar og gode hjelparar i soknerådet.

Bilde av nyslipte og lakka golv i storsalen i Leikanger kyrkjelydshus
Nyslipte og lakka golv i storsalen.

Rett over sommaren vart alt tregolv i kyrkjelydshuset slipt ned og lakka på nytt. Golvet i både storsalen, vetlesalen, peisestova og gang var pussa opp. Golvet vart veldig flott etter oppussinga. Frækaland målarservice utførte arbeidet. Husstyret hadde dugnad med å reinse og vaske alle stolane, samt å sette på filtknottar på alle stol- og bordbein før med flytta attende alt inventar. Samla kostnad for tiltaket var om lag 59 000 kr.

For kyrkjelydshuset er det eit underskot i underkant av 16 000 kr i 2022. Inntektene er høgare enn i 2021, men nokre av utgiftene er også større. Spesielt gjeld dette driftskostnader og straumutgifter. Netto utgifter til straum var nær 23 000 kr. Det står ca. 230 000 kr på konto.

Foto av Leikanger kyrkjelydshus - Klokkargarden
Leikanger kyrkjelydshus - Klokkargarden

Vaktmeisterteneste:

Ida Røysum, Jean Rockwell, Soleana Giuseppe, Tone Britt Myklebust, Kjell Sæter, Knut Haukeland, Bjørg Anda og Linda Grebstad Grinde har hatt vaktmeisterteneste i kyrkjelydshuset, ein månad i slengen.

Slåttearbeid:

Frå mai til oktober vert graset slått. Det er som regel to personar i sving per gong. Desse har stått på lista i 2022: Ove Bukholm, Kjell Søter, Kjell Erik Strand, Kjell Arne Valvik, Knut Haukeland, Nils Henjum, Torstein Svedal, Henry Neverdal, Jon Henjum og Jan Helge Furre. Reservemannskap har vore Svein Helge Frækaland.

Husstyret vil takke alle frivillige som har stilt opp for å gjere Klokkargarden til den flotte møtestaden den er. Takk til alle som har bidrege både ute og inne!

Kyrkja

Det har ikkje vore oppgraderingar av kyrkja i 2022. Diverre opplevde vi ein trist brann tidleg søndag morgon 20.november. Det freda Eldhuset frå 1700-talet vart totalskadd og stod ikkje til å redde.

Vidare planar

Det trengst etterkvart nye puter til kyrkjebenkane. Kyrkjeringane jobbar med å finansiera dette.

Kyrkjegardane og bårehuset

Bårehuset er planlagt rehabilitert og arbeidet var klart til å starta opp etter sommaren 2019, men vart sett på vent som følgje av kommunesamanslåinga. På kommunestyremøte i 2020 vart det løyvd midlar til arbeidet. Arbeidet med utbetring av bårehuset står på vent på grunn av at eigedomsforholdet mellom OVF (Opplysningsvesenets fond) og DNK (Den Norske Kyrkja) framleis ikkje er avklara.

Foto frå dugnad på Leikanger kyrkjegard
Frå dugnaden på Leikanger kyrkjegard.

Den årlege dugnaden på kyrkjegarden var som vanleg siste torsdag i april. Dugnaden var annonsert i Kyrkjelydsbladet og Sogn Avis, og denne gongen også på Facebook. Det har tidlegare vore påpeikt behov for at fleire bidreg, men denne kvelden var det rekordframmøte! Heile 32 personar møtte, 19 på kyrkjegarden og 13 i Husabø. Truleg har oppmoding på Facebook og i soknerådet medverka til eit så god resultat.
Med så godt frammøte vart med ferdige med dei faste oppgåvene tidlegare enn vanleg. Nokre sat att med kaffi og prat både ved kyrkja og i Husabø. Knut Grinde organiserte dugnaden på kyrkjegarden og Kåre Hauge på gravplassen i Husabø. Takk til Kåre og Knut for god organisering, og takk til alle som var med på dugnaden og som på den måten gjer ein viktig jobb for til glede for fellesskapet!

Det er behov for å reparere oppslagstavla ved hovudinngangen til kyrkja. Benkane ved kyrkja tek til å bli dårlege. To av dei er i etterkant av dugnaden reparerte og måla, medan den tredje benken er sett vekk sidan den er for dårleg til å kunne brukast. Benkane i Husabø vart pussa og olja i løpet av sommaren.

Personalsituasjonen

Prestetenesta

  • Vegard Lie Bondevik - sokneprest i Leikanger og Norum.

Medarbeidarar

  • Cristina Sandor - klokkar/kyrkjetenar og reinhaldar (permisjon første halvår 2022)
  • Hallgeir Øgaard Westli – kantor
  • Birte Husum - trusopplærar
  • Andreas Danbolt – ungdomsprest

Økonomi

Leikanger kyrkjelyd, "Innsamla midlar"

Ved ofringar kom det totalt inn kr 73 309, av dette kr 19 105 til eige kyrkjelydsarbeid. Totalt er dette ei dobling frå 2021, og ein vesentleg større del til eige kyrkjelydsarbeid.

Gjennom Fasteaksjonen kom det inn kr 17 522 kr i bøssene, inkludert VIPPS vart summen 48 693 kr. Givarteneste: kr 3 000.

Det vert elles vist til rekneskapen.

Leikanger sokneråd takkar frivillige og tilsette for god innsats og godt samarbeid i 2022!

For Leikanger sokneråd, 10.mars 2023:

Signe Eikenes
Leiar


Dokument

Årsmelding, Leikanger sokn (PDF, 976kb - opnar i nytt vindu)

Tilbake