1. Juni opnar vi for påmelding til konfirmasjon 2024 i kyrkjene våre!
I løpet av mai, kjem meir informasjon her på heimesida vår om konfirmasjon i ditt sokn, og vi vil kome rundt på skulane med informasjon i løpet av juni.
Våren 2024 vert det konfirmasjon på desse datoane:
- Ølmheim kyrkje: Søndag 5. mai
- Stedje kyrkje: Laurdag 11. mai og søndag 12. mai
- Kaupanger stavkyrkje: Torsdag 9. mai (Kristi Himmelfartsdag)
- Leikanger kyrkje: Laurdag 18. mai og søndag 19. mai (Pinseaftan og Pinsedag)
- Fjærland kyrkje: Søndag 19. mai (Pinsedag)
- Tjugum kyrkje: Dato ikkje fastsett enno
Hjarteleg velkommen til nye konfirmantar!
Er det noko de lurar på om konfirmasjon allereie no, kan de nå oss med epost: konfirmant@sogndal.kyrkja.no eller ringe kyrkjekontoret på telefon: 57679985 (klikk for å ringe)
For konfirmasjon i Balestrand sokn: Ta kontakt med sokneprest Kjetil Netland: kjetil.netland@sogndal.kyrkja.no eller på telefon 47628555 (klikk for å ringe).