Palmesøndag med påskevandring på Kaupanger


Kyrkja i Sogndal vil invitere heile familien til å starte påskefeiringa på Kaupanger på sjølvaste PALMESØNDAG 2.april kl. 16.00. Kaupanger sokneråd er arrangør, i samarbeid med bedehuset, men heile Sogndal er inviterte. 

Skuggebilete/animasjon av Jesus som rir inn i Jerusalem, medan folk viftar med palmegreiner.

Kl. 16 samlast me i bedehuset for ei lita oppstartsamling leia av trusopplærar Birte Husum. Gruppevis blir folk sendt ut i påskeløypa. Det vil vere postar langsetter vegen nedover Brekkeflaten, og turen avsluttast ved Kaupanger stavkyrkje, der soknerådet stiller med kaffi, saft og noko å attåt. Påskevandringa frå bedehuset til kyrkja vil innehalde oppgåver, leik og ein kan lære om kva som skjedde med Jesus i påska. 

Free Gospel Palm Sunday illustration and pictureTeikning av Jesus som rir på eit esel inn i Jerusalem, medan folk viftar med palmegreiner. 

Jesus og læresveinane. Fyrste nattverden. Måleri av Leonardo DaVinci. Free Last Supper Jesus vector and picture

 

Kaupanger sokneråd vil setje opp påskeplakatane "Via Dolorosa" på kyrkjegarden. Alle som ynskjer det kan gå runden, sjå på bileta, lesa teksten og slik minnast det som skjedde med Jesus i påska. Til slutt vert det ei lita avslutningssamling inne i kyrkja. Om ein ikkje ynskjer å gå turen frå bedehuset, er ein hjarteleg velkomen til å møte rett ved kyrkja i 16.30-tida, for kaffi, prat og ikkje minst vandringa på kyrkjegarden.  

Kvite blomar i solskin på skogbotnen

Når alle er vel komne på plass på kyrkjegarden, har fått seg litt å drikke og bite i, går me inn i stavkyrkja, der sokneprest Kathrine og vikarprest Helge vil leie oss i ein avslutningssamling. Alle ungane vil få ei lita gåve på veg ut. Den kan dei bruke i påskeveka. 

 

Ved spørsmål eller behov for tilrettelegging: Kontakt Birte Husum, 94798799 eller birte.husum@sogndal.kyrkja.no.

 

Tilbake