Palmesøndag 2024 med påskevandring på Kaupanger


På palmesøndag 24.mars, er det duka for ein flott oppstart av påska på Kaupanger. Ta med familie, vener og kjente, eller kom åleine! Me håpar på mykje folk frå heile Sogndal! 

Med Kaupanger sokneråd som vertskap i samarbeid med tilsette frå kyrkja i Sogndal, kan du vere med på både middag, påskevandring og gudsteneste, eller velje ut det som passar for deg og dine. 

Skuggebilete/animasjon av Jesus som rir inn i Jerusalem, medan folk viftar med palmegreiner.

Program for dagen: 

Frå kl. 14:30: Pølser og brød på Kaupanger bedehus. Gratis inngang, med høve til å gi ei gåve til Kaupanger sokneråd på VIPPS #106852 .

Frå kl. 15:00: Oppstartsamling utanfor bedehuset ved trusopplærar Birte Husum. Påskevandring med kjekke oppgåver frå bedehuset til kyrkjegarden.

Påskequiz og kyrkjequiz, kaffi med noko attåt, tårnagentoppgåver, familieaktivitetar i området rundt kyrkja og kyrkjegarden.

Kl. 16:00: Palmesøndags-gudsteneste i Kaupanger stavkyrkje ved ungdomsprest Andreas Danbolt, trusopplærar Birte Husum, organist Sverre Volle, kyrkjetenar Cristina Sandor og Kaupanger sokneråd. Dette vert fyrste gudstenesta i kyrkja denne våren.

 

Følg med for oppdatert program!

 

Free Gospel Palm Sunday illustration and pictureTeikning av Jesus som rir på eit esel inn i Jerusalem, medan folk viftar med palmegreiner.  

 

Kvite blomar i solskin på skogbotnen

Ved spørsmål eller behov for tilrettelegging: Kontakt Birte Husum, 94798799 eller birte.husum@sogndal.kyrkja.no.

 

Tilbake