Ny leverandør tilbyr stell av graver i Sogndal


Frå våren 2023 vil Sigbjørn Ølmheim tilby gravstell på gravplassane i tidlegare Sogndal kommune. Kontaktinfo finn du her.

Bilde av gravsteinar

I februar 2023 har Sigbjørn Ølmheim etablert eit enkeltmannsforetak og vil tilby dei same tenestene som Stedje blomster og gartneri hadde tidlegare.

Han er i gang med å kontakte dei som har hatt avtale med Stedje tidlegare. Han gjer avtalar på Stedje kyrkjegard, Ølmheim kyrkjegard, Kaupanger kyrkjegard og Kaupanger gravlund og truleg også på Fjærland kyrkjegard.

Dersom du er interessert i gravstell kan du kontakte Ølmheim direkte på e-post: sigbj-oe@frisurf.no. Du kan også prøve å ringe m. 905 60 223. Andre tenester: Det er også mogleg å tinge krans til jul, vask av gravminne, skriftfornying m.m. 

Bakgrunn

Etter at Stedje blomster og gartneri la inn årane i 2022 har det ikkje vore bedrifter som har kunna tilby stell av graver på gravplassane i tidlegare Sogndal kommune. Sogndal kyrkjelege fellesråd har som gravplassmyndigheit i Sogndal kommune ikkje ansvar for å tilby gravstell, men vi har motteke fleire telefonar frå pårørande som har spurt etter kven som kan tilby slike tenester. No har vi endeleg eit svar å gje, og som ein service til brukarane av gravplassane vel vi no å kunngjere denne informasjonen gjennom våre kanalar.

PS! Når det gjeld gravstell andre stader i kommunen, så kan ein kontakte Syrstrond gartneri / Hageland Leikanger for avtalar på Leikanger kyrkjegard og Husabø gravplass, og Sogneprodukt avd. Balestrand for avtalar på Tjugum kyrkjegard.

Tilbake