Synet som møtte Nizar Seleman Utanga for sju år sidan, gav liten grunn til håp, men sidan den gong har ho vore med på å endre 126 000 liv i Mbulu i Tanzania. Det heile byrja med ein brønn.
Tekst og foto: Anette Torjusen
– La meg løfte saman med deg, så du ikkje mistar bøtta, seier Nizar Seleman Utanga og hjelper ein ung gut med å helle vatn over i ein dunk.
Området vi er i, heiter Mbulu og ligg i Tanzania, i den spektakulære Riftdalen. Omkransa av fjell, solsikker og endelause maisåkrar. Så vakkert, men samtidig så røft og brutalt for dei som bur her. I ei årrekkje har dei kjempa mot tørke og vassmangel. Innbyggjarane i landsbyen Goje måtte gå mellom fem og seks timar kvar dag for å hente vatn. Dette er ein landsby Nizar har besøkt jamt og trutt dei siste åra som programmedarbeidar i Kirkens Nødhjelp.
– Sist eg var her, var det høg arbeidsløyse, stor fortviling blant bøndene, tomme skulebenkar og mykje sjukdom. Ingen hadde eit sosialt liv. Det var det ikkje tid og rom for, seier ho.
Verken menneske eller dyr hadde vatn.
– Dei som bur her, gjekk i fem–seks timar for å hente vatn. Så langt var det til næraste kjelde. Og det vatnet dei fann, var langt frå trygt, understrekar ho.
Ein av dei som henta vatn, var 15 år gamle Deodata Julius.
– Eg gjekk for å hente vatn kvar morgon klokka fem og gjekk i to timar. Då eg kom heim, sprang eg til skulen for ikkje å kome for seint. Etter skulen sprang eg heim for å gå i to nye timar. Først klokka 19.30 på kvelden kunne eg setje meg ned og gjere lekser, fortel ho.
Deodata legg til at ho alltid var sliten og trøytt, og at ho grudde seg til å hente vatn på ettermiddagane. For ofte rakk ho ikkje heim før det blei mørkt.
– Eg syntest det var ekstra skummelt å gå i mørkeret, minnest ho.
I 2014 samla det norske folket inn 250 millionar kroner til reint vatn gjennom TV-aksjonen, noko som gav vatn til 1,7 millionar menneske. Ein av landsbyane som har fått brønn, er nettopp Goje. I Mbulu, der vi er no, har 126 000 menneske fått tilgang til reint vatn. Kirkens Nødhjelp har både bora etter vatn og reparert brønnar. Den djupaste brønnen er på 135 meter.
Ei fersk undersøking som er gjord i Mbulu og i Haydom, viser ein nedgang frå 89 til 35 prosent i sjukdommar som er relaterte til skitent vatn.
– Eg er så stolt, så stolt over å få vere med på å endre så mange liv. Det er ein heilt annan atmosfære her no. Folk er lykkelege og har jobb, skulane er fulle av elevar, livskvaliteten har endra seg, og bøndene kan igjen dyrke grønsaker, seier Nizar.
Rundt vasspumpa i Goje er det full aktivitet. Skulen til Deodata er her for å hente vatn. Sjølv slepp ho å gå i timevis og kan konsentrere seg om å bli lege.
Nizar er spesielt glad for at barn og unge endeleg kan få tid til å vere nettopp unge.
– Liva deira var så travle, men no får dei vekse opp og ha normale liv. Det fortener dei. Eg ser så mange smil. Dei kan leike, gå på skulen og halde seg friske. Eg blir så imponert over denne endringa, smiler ho.
Sjølv om livet i Goje no er godt, er det framleis stor vassmangel i Tanzania, noko som òg gjeld større byar.
4 millionar menneske manglar tilgang til reint og trygt vatn. 29 millionar menneske har ikkje tilgang til gode sanitærforhold.