Grunna sjukdom er Tårnagentdagen utsett til fredag 2. juni kl. 17:00-20:00.
TÅRNAGENTDAG for 8-9-åringar i STEDJE kyrkje.
Me startar med varm mat.
Påmelding til Tårnagent
Tårnagentdagen har vore eit trusopplæringstiltak som mange ser fram til. Difor har me landa på at me vil arrangere den for BÅDE 8- og 9-åringar kvart år, og ha dagen vekselvis i Ølheim og Stedje annakvart år. Slik kan agentane få oppdage to ulike kyrkjer om dei er med begge åra, og dei har høve til å vere med om det ikkje passar det eine året. Er du vaksen og har lyst til å bidra med bollebaking eller vere med som englevakt denne dagen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
Her er invitasjonen som går ut til alle 8-9-åringar som er medlem i kyrkja eller har det gratis trusopplæringsabonnementet (men alle i aldersgruppa er velkomne same om ein er medlem eller ikkje):
Kjære 8- eller 9-åring (fødde 2014 og 2015)!
Me har den store gleda å invitere DEG til Tårnagentdag i STEDJE KYRKJE.
Tårnagentar får utforske kyrkja og klokkene i kyrkjetårnet, og me skal lære om kodar og symbol på kjekke måtar. Det kjem ein spennande gjest i uniform (kan du gjette kva ho jobbar med?). Dei som vil får kome opp i det høge kyrkjetårnet! Me skal vere både ute og inne, så kle deg etter veret. Dette blir veldig kjekt!
ENGLEVAKTER. Har du ein vaksen som du har lyst å ha med? Foreldre, fadrar, besteforeldre eller andre kan få vere englevakter. Dei følgjer gruppene rundt på dei ulike postane, hjelper til under måltid og anna praktisk som dukkar opp. Me treng fleire vaksne som ser borna og kan vera ei hjelpande hand! Marker i påmeldinga om du tek med deg ein englevakt, så finn me fine oppgåver til dei.

Mat, påmelding og betaling.
Samlinga vil innehalde eit varmt måltid og me avsluttar med ei gudsteneste. Pris: kr. 50,- (kontant/Vipps #77449)
Påmelding på www.sogndal.kyrkja.no (helst) innan tysdag 30.mai. (Dagen krev mykje planlegging. Difor er påmelding viktig 😉)

Hjarteleg velkomen som tårnagent!
Med venleg helsing sokna i Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje
V/ Birte Husum, leiar for trusopplæringa.
Tlf. 947 98 799, birte.husum@sogndal.kyrkja.no
Ta kontakt om du vil bake bollar eller har spørsmål/treng tilrettelegging.
Beste helsing
Birte Husum
Leiar i trusopplæringa for Fjærland, Kaupanger, Leikanger, Norum og Stedje sokn.
birte.husum@sogndal.kyrkja.no | Tlf: 94798799 (klikk for å ringe)