Invitasjon til sorggruppe


Livet møter oss med både gode og vonde dagar. Noko av det som er mest vanskeleg, er når ein av våre næraste døyr. Det kan vere vanskeleg å vere åleine med sorg og sakn. Erfaring viser at det kan vere godt å kome saman med andre som har opplevd noko liknande. Å snakka saman, dele tankar og erfaring, kan bli til hjelp og  støtte på vegen vidare.

Vi startar ny sorggruppe på Stedjetunet, Kyrkjevegen 6, i Sogndal. Første samling vert tysdag 17.januar kl 19.00 – ca. 21.00.

Foto av regndropar på vindu

Første gongen vil vi bruke litt tid til å bli kjent med kvarandre.
Du bestemmer sjølv kor mykje du vil fortelje om det DU har opplevd. Etter fyrste samlinga kan det vere lettare å bestemme seg for om du vil vere med i sorggruppa og fortsetje samtalene i gruppa.

Greitt å vite om sorggruppe:

  • Mellom 5-8 deltakarar.
  • Alle har teieplikt ovanfor kvarandre.
  • Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 10-12 samlingar.
  • Tema basert, men fleksibelt.
  • Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
  • Sorggruppetilbodet er gratis.
  • Velkomen til å ta kontakt med diakon Gitte Therkelsen Torstad: tlf. 97416519 (Klikk for å ringe)
  • Sorggruppearbeidet er utviklet med støtte frå Kirkerådet

Sorggruppe-leiarar:

 

Gitte Therkelsen Torstad Bente Karin Vatlestad
Diakon Sjukepleiar, lærar i Helse- og oppvekst
Tlf. 97416519 (klikk for å ringe)  
E-post: diakon@sogndal.kyrkja.no  
Tilbake