Fellesgudstenester i Stedje kyrkje vinteren 2023


Fellesgudstenester i Stedje kyrkje vinteren 2023


Sokneråda i Kaupanger og Stedje sokn og dei tilsette i Kyrkja i Sogndal har i samråd avgjort at det frå 8. januar til 26. mars vert fellesgudstenester for Kaupanger og Stedje sokn kvar søndag i Stedje kyrkje.

Foto av Stedje kyrkje med snø på taket
Stedje kyrkje i fin vinterdrakt

Bakgrunnen for avgjerda er at me vurderer at Kaupanger stavkyrkje er mindre eigna til gudstenester gjennom vinteren. Det er krevjande å få nok varme i kyrkja til at arbeidstilhøva for dei tilsette og tilhøva for kyrkjelyden er gode nok. Av omsyn til den freda bygningen har me ikkje høve til å ha varme ståande på heile tida, og det å varme opp kyrkja for kvar gudsteneste er svært energikrevjande, og heller ikkje bra for bygget og inventaret. Med kommande byggjearbeid på kyrkjegardsbygget, er også tilhøva nokså utfordrande for t.d. stell og klargjering til barnedåp.

Aktiviteten i Kaupanger sokn vil gå som normalt, og sidan alle gudstenestene i Stedje kyrkje gjennom vinteren er felles for Kaupanger og Stedje sokn, vil gudstenestetilbodet bli monaleg betre enn det som vil vere normal frekvens i stavkyrkja. Aktivitet elles i Kaupanger sokn vil vere, slik det også er i dag, på Kaupanger bedehus, i eit nært og godt samarbeid med bedehusstyret. Der vil m.a.  konfirmantundervisning, babysong, kyrkjelydens årsmøte og eventuelt andre arrangement i regi av Kaupanger kyrkjelyd finne stad.

-Det er jo ikkje så langt til Stedje kyrkje, og me må stort sett setje oss i bilen, uansett kor me skal. Slik sett er dette ei veldig grei løysing for oss på Kaupanger, seier soknerådsleiar Einar Skeie. Kaupanger sokneråd vil også organisere kyrkjeskyss til Stedje kyrkje for dei som treng det.

Felles gudstenester kvar søndag i Stedje vil også gje Stedje sokn eit rikare gudstenestetilbod, med ei gudsteneste meir i månaden gjennom vinteren enn opphavleg plan.

-Me gjer dette av praktiske omsyn, men håpar samstundes at det kan vere positivt for kyrkjelydane å møtast til eit felles prosjekt, og sjå at ein er fleire saman. Me trur jo at mange synest det er vel så kjekt å vere saman ein stor flokk i ei kyrkje enn å sitje to mindre flokkar kvar for seg i to kyrkjer, seier koordinerande sokneprest i Sogndal, Vegard Bondevik Lie.

Tiltaket er avgrensa til månadene januar, februar og mars, og etter det skal Kaupanger stavkyrkje igjen fungere som soknekyrkje for Kaupanger sokn. Ei slik ordning som me no får gjennom vinteren 2023 har me også hatt tidlegare, i tider der Kaupanger stavkyrkje av ulike grunnar ikkje har kunna bli nytta til gudstenester. I samband med orgelbygging Stedje kyrkje i 2018, var det same ordning der også, med felles gudstenester i Ølmheim kyrkje.

Gravferdene til Kaupanger kyrkjegard gjennom vinteren vil kunne gå frå stavkyrkja. Her vert det gjort ei vurdering i samråd med dei pårørande og involverte elles for kvar einskild gravferd, m.a. ut frå vêr/temperatur og kor mange menneske ein ynskjer skal få plass i kyrkja.

Tilbake