Dei siste åra har ein samla inn midlar til kjøp av nytt piano til Stedje kyrkje. Det har vore offer til føremålet i gudstenester og salmekveldar. Det er gitt ei større gåve frå privatpersonar og frå Sogndal musikkråd. Totalt er det no kr. 73.000 til disposisjon til piano.
Illustrasjon
Det noverande pianoet er av middels god kvalitet, og sjølv om det gjer nytten til å akkompagnere song og solistar, manglar det likevel ein del for å kunne fungere godt som både gudsteneste- og konsertinstrument.
Det har difor lenge vore eit ynskje å kjøpa nytt piano til Stedje kyrkje. Dei siste åra har nytt orgel i Stedje vore i fokus, og innsamling av midlar til piano har difor ikkje vore så mykje i fokus.
I samband med at ein no ynskjer å ta opp att innsamlinga, har vi og sett litt ekstra på kva ein ynskjer å få til. Konklusjonen i dette har vore at ein no primært ynskjer å skaffe pengar til eit flygel.
Eit flygel er vesentleg dyrare enn eit piano, men vi trur at eit godt flygel i Stedje kyrkje vil vere til stor glede i det kyrkjemusikalske arbeidet, og det vil vere eit stort løft for kulturlivet i kyrkjelyden og Sogndal.
I tillegg til eigne arrangement og konsertar, vert Stedje kyrkje mykje leigd ut til eksterne konsertaktørar. Ved å kjøpe eit flygel, trur vi at Stedje kyrkje vil vere endå meir attraktivt som konsertlokale.
Ein del midlar er allereie samla inn til dette, men ein treng no endå meir. Det er difor oppretta ein Spleis for innsamling av midlar. Informasjon om denne finn du i boksen til høgre.
Dersom du ynskjer å gje, kan du og gje direkte til Stedje sokneråd på Vipps-nr 512003. Merk di gåve med «Flygel, Stedje kyrkje».