Hjortegjerdet på Kaupanger er på plass


Hjortegjerdet på Kaupanger er på plass


Eit etterlengta gjerde ikring gravplassane på Kaupanger kom på plass i oktober. Med dette vonar vi å verte kvitt problema som skuldast hjort som tek seg inn på gravplassane i si leiting etter mat i vinterhalvåret.

Foto av hjortegjerde rundt steinmuren rundt Kaupanger kyrkjegard

Etter fleire rundar med søknader og dialog med vernestyresmaktene fekk me løyve til å setje opp eit sesongbasert, elektrisk gjerde som kan stå oppe frå september til og med april månad. Sjølv om løyvet berre gjeld i haust- og vintermånadane, håpar me at dette vil vere ei god hjelp mot problema hjorten har forårsaka ved å trakke ned graver, ete blomar og kransar og slenge desse utover på gravplassen. Dyra har også øydelagt lykter og anna pynt på gravene i si jakt etter mat. I sum har dette vore ei vond tilleggsbelastning for sørjande og pårørande.

Plan som viser korleis hjortegjerdet på Kaupanger vert satt opp
Plan som viser korleis hjortegjerdet på Kaupanger vert satt opp.

Total lengd på hjortegjerdet er om lag 400 meter, og det er sett opp slik det er vist på skissa over. (Rundt delar av den nye gravlunden var det allereie frå starten montert eit to meter høgt gjerde, så der trengdest ikkje nytt gjerde.)

Gjerdet er om lag to meter høgt og har stolpar i galvanisert kamstål med tre straumførande trådar, ei løysing levert av Veshovda Gjerdesystem. Det er montert på utsida av noverande mur eller gjerde fordi hjorten må ha beina i bakken for å få støyt ved berøring av gjerde. Dersom gjerdet blir sett opp på innsida av noverande gjerde og hjorten hoppar over eller står oppå muren, vil han ikkje få støyt og dermed ikkje bli hindra frå å ta seg inn på gravplassen. Grindane er også forhøga, men har fått ei løysing som gjer til at dei kan opnast og lukkast.

I artikkelen her ser de nokre bilete av korleis gjerdet tek seg ut, teke av Hallgeir Øgaard Westli.

Det har vore drøfta og sjekka opp i ulike tiltak og løysingar – løysingar som både skal ta seg estetisk bra ut sett ut frå at dette er ein gravplass, samt at dei skal fungere godt i praksis både når det står montert, men også at det må vere mogleg å montere og demontere på ein god måte. Samstundes må det vere ei haldbar løysing som også er solid nok til å halde hjort borte frå området.

Gjerdet er sett opp av entreprenør Einar Dalaker. For at løysinga skal fungere må inngjerdinga vere intakt. Det vil seie at alle må hugse å late att grindane når dei går! I tråd med reglane er det sett opp skilt på gjerdet som åtvarar om at gjerdet er straumførande.

Det blir spennande å sjå korleis denne løysinga vil fungere i vinter. Håpar dette blir ei god løysing for alle!

Venleg helsing

Jorunn Merete Haukås-Eide
kyrkjeverje i Sogndal
Foto av hjortegjerde rundt Kaupanger gravlund og Kaupanger kyrkjegard, oktober 2022. Foto: Hallgeir Øgaard Westli
Hjortegjerde rundt Kaupanger gravlund og Kaupanger kyrkjegard, oktober 2022. Foto: Hallgeir Øgaard Westli
Tilbake