Kyrkjelydstur til Askvoll torsdag 18. august


Torsdag 18.august kan vi igjen ynskje velkommen til busstur i regi av kyrkjelydane i Sogndal!

  • Oppmøte ved Sogndal skysstasjon kl. 08.30. Avreise kl. 08.45
  • Turen kostar kr.600,-
  • Påmeldingsfrist innan 8. august

OPPDATERING: Påmeldinga til kyrkjelydsturen er no full, og det er venteliste dersom nokon melder avbod.

 
Foto: Egil Husabø / Flickr

Denne gongen går turen til Askvoll, og det er spesielt kjekt at vi skal få helse på kjentfolk! Vi ser fram til å møte Kjell Olav Høstaker Nordheim, som no er sokneprest i Askvoll. Når vi besøker kyrkja og prestegarden får vi høyre litt frå historia som er knytt til denne plassen ute ved kysten.  

Vi køyrer om Gaularfjellet den eine vegen, og vil dermed få fine stopp undervegs, blant anna på Helle fabrikker i Holmedal. Vi kjem til å få ein lang og fin tur, og oppmøte ved skysstasjonen er kl. 8.30, med avreise kl. 8.45. Vi er attende i Sogndal innan kl. 19.

Turen kostar kr. 600,- pr.person, som du betaler på bussen. Inkludert i denne prisen er reisa, enkel lunsj, middag, dessert og kaffi i Askvoll.

Påmeldingsfrist er mandag 8. august til kyrkjekontoret: tlf. 57679985 eller e-post: post@sogndal.kyrkja.no

Ved påmelding må du sei frå om det er noko vi spesielt skal ta omsyn til med tanke på mat.

Turfolk har alltid med seg ein sekk: litt ekstra kle, noko å drikke, og noko ekstra å ete undervegs. Ta gjerne med noko kjekt eller fint som du vil dele med dei andre på turen, anten det er vitsar, dikt eller liknande.
Har du spørsmål, må du gjerne ta kontakt med kyrkjekontoret!

 

Tilbake