3 x Konfirmantjubileum!


12. juni blir det fest for alle som var konfirmantar i 1970, -71 og -72.

 

Bildet er frå konfirmantjubileum i Ølmheim kyrkje, 3. juni 2018. Foto: Cristina Sandor.

 

I år legg me opp til å feire tre kull på det tradisjonsrike Konfirmantjubileet i juni. Pandemien har sett ein stoppar for arrangementet dei to siste åra, så i år feirar me både 50-, 51- og 52- årsjubilantar!

Det vert felles gudsteneste i Stedje kyrkje søndag 12. juni kl. 11:00 ved prestevikar Helge Torstad. På gudstenesta skal alle tre kulla feirast og presenterast. Etter gudstenesta vert det festleg samkome, enten alle tre kulla i lag, eller kvar for seg. Me kjem tilbake til detaljar, i samarbeid med dei som tek ansvar i kvart kull.

Me ynskjer i tida som kjem å få ut informasjon og invitasjon til alle jubilantane. Det er alle som vart konfirmerte i Stedje, Kaupanger og Norum sokn i 1970, -71 og -72. Me er i gang med å spore opp namn og personar som kan vere med å ta ansvar.

Me gler oss til å få feire Konfirmantjubileeum att!

Tilbake