Referat frå møte i Sogndal kyrkjelege fellesråd 9. desember 2021
Sakliste:
- Sak 041/21: Budsjettframlegg for 2022
- Sak 042/21: Møteplan for våren 2022
- Sak 043/21: Val av leiar og nestleiar i fellesrådet for 2022
- Sak 044/21: Skriv og meldingar 09.12.21
Møtedato: |
09.12.2021 |
Møtetid: |
Kl. 17:30 - 19:30 |
Møtestad: |
Stedjetunet (Kyrkjekontoret) |
Til stades:
Per Hilleren (frå sak 043/21), Helge Ulvestad, Magne Ahlin, May Kristel Bødal, Berit C. Orheim, Vegard Bondevik Lie, Jorunn Merete Haukås-Eide.
Magny Ugulsvik Bukholm deltok under sak 041/21.
Meldt forfall:
Jon Erling Oppedal, Frode Bøthun
Saker
Vegard Bondevik Lie opna møtet med ord for dagen frå evangeliet etter Johannes
Sak 041/21 Budsjettframlegg for 2022
Vedtak:
Sogndal kyrkjelege fellesråd vedtek framlegg til driftsbudsjett 2022 på kontogruppenivå, dat. 03.12.2021
Sak 042/21 Møteplan for våren 2022
Vedtak:
Fellesrådet vedtek fylgjande møteplan for våren 2022: 19. januar (på kyrkjekontoret), 17. februar (i Leikanger kyrkje), 31. mars (på kyrkjekontoret), 27. april (i Tjugum kyrkje), 25. mai (i Fjærland kyrkje) og 22.juni (i Kaupanger kyrkje)
Sak 043/21 Val av leiar og nestleiar i fellesrådet for 2022
Vedtak:
Ved val av verva som leiar og nestleiar i Sogndal kyrkjelege fellesråd for 2022 vart Per Hilleren attvald som leiar mot ei røyst, og Helge Ulvestad samrøystes vald som nestleiar.
Sak 044/21 Skriv og meldingar 09.12.21
Vedtak:
Skriva og meldingane blir tekne til vitande.
For Sogndal kyrkjelege fellesråd
Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal
Dokument
Referat, PDF (62,4Kb) - Opnar i nytt vindu