Referat frå møte i Sogndal kyrkjelege fellesråd 20. oktober 2021
Sakliste:
- Sak 034/21: Rekneskapsrapport pr. 14.10.21
- Sak 035/21: Høyring - kyrkjeleg organisering
- Sak 036/21: Skriv og meldingar 20.10.21
Møtedato: |
20.10.2021 |
Møtetid: |
Kl. 13:30 |
Møtestad: |
Stedjetunet (Kyrkjekontoret) |
Til stades:
Gunn Kjersti Bårdgard, Helge Ulvesta, May Kristel Bødal, Berit C. Orheim, Vegard Bondevik Lie, Jorunn Merete Haukås-Eide. Hallgeir Øgaard Westli deltok under drøftinga av sak 035/21 som representant frå dei fellesrådstilsette.
Meldt forfall:
Per Hilleren, Jon Erling Oppedal, Magne Ahlin, Frode Bøthun
Saker
Sak 034/21 Rekneskapsrapport pr. 14.10.21
Vedtak:
Sogndal kyrkjelege fellesråd tek rekneskapsrapporten pr. 14.10.21 til orientering.
Sak 035/21 Høyring - kyrkjeleg organisering
Vedtak:
Fellesrådet gir mandat til Vegard Bondevik Lie, Hallgeir Øgaard Westli og Jorunn Merete Haukås-Eide til å utarbeide framlegg til svar på spørsmåla i høyringa om ny kyrkjeleg organisering. Framlegga til svar vil bli lagt fram på neste fellesrådsmøte som grunnlag for vidare drøfting. Fellesrådet vil ferdigstille sitt høyringssvar innan høyringsfristen 1. desember 2021.
Sak 036/21 Skriv og meldingar 20.10.21
Vedtak:
Fellesrådet tek skriv og meldingar til vitande.
For Sogndal kyrkjelege fellesråd
Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal
Dokument
Referat, PDF (50kB) - Opnar i nytt vindu