Referat frå møte i Sogndal kyrkjelege fellesråd 23. juni 2021
Sakliste:
- Sak 016/21: Synfaring Kaupanger stavkyrkje, Kaupanger kyrkjegard og Kaupanger gravlund
- Sak 017/21: Budsjett 2021
- Sak 018/21: Rekneskapsrapport pr 14.06.21
- Sak 019/21: Namna minnelund på Stedje kyrkjegard
- Sak 020/21: Skriv og meldingar 23.06.2021
- Sak 021/21: Tenesteytingsavtale med Sogndal kommune
- Sak 022/21: Møteplan for hausten 2021
Møtedato: |
23.06.2021 |
Møtetid: |
Kl. 13:30 |
Møtestad: |
Kaupanger stavkyrkje |
Til stades:
Helge Ulvestad, May Kristel Bødal, Magne Ahlin, Frode Bøthun, Vegard Bondevik Lie, Jorunn Merete Haukås-Eide.
Meldt forfall/møtte ikkje:
Bjørn Skjeldestad, Sverre Tufte Mundal, Per Hilleren, Berit C. Orheim, Jon Erling Oppedal.
Saker
Sak 016/21 Synfaring Kaupanger stavkyrkje, Kaupanger kyrkjegard og Kaupanger gravlund
Vedtak: Fellesrådet tek synfaringa og informasjon om tiltaka kring Kaupanger stavkyrkje, Kaupanger kyrkjegard og Kaupanger gravlund til vitande.
Sak 017/21 Budsjett 2021
Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd vedtek å dekke inn el-sjekk i Stedje kyrkje og Fjærland kyrkje ved bruk av disposisjonsfond 55600000, prosjekt 20200 Møblar og inventar til nye Stedjetunet vert dekka inn av disposisjonsfond 55600000, og kr. 100.000 til oppgradering av ringeanlegget i Leikanger kyrkje vert dekka inn av disposisjonsfond 55600000.
Sak 018/21 Rekneskapsrapport pr.14.06.21
Vedtak: Sogndal kyrkjelege fellesråd tek rekneskapsrapporten pr. 14.06.21 til orientering.
Sak 019/21 Namna minnelund på Stedje kyrkjegard
Vedtak: Fellesrådet går inn for å etablere ein namna minnelund på Stedje kyrkjegard i samband med opparbeiding av areal til utviding av gravplassen. Fellesrådet ynskjer at eit område innanfor noverande gravfelt S og L i noverande gravplassplan blir sett av til namna minnelund, og gir kyrkjeverja saman med Vegard Bondevik Lie fullmakt til å arbeide vidare med framlegget frå landskapsarkitekt Marianne England Bergum for utforming av minnelunden og minnesmerke.
Kyrkjeverja får vidare fullmakt til å utarbeide søknad om godkjenning av den namna minnelunden. Endringar i lokale gravplassvedtekter blir lagt fram for fellesrådet for godkjenning på neste møte, samt endeleg godkjenning av minnesmerke m.m. vedkomande den namna minnelunden.
Sak 020/21 Skriv og meldingar 23.06.2021
Vedtak: Fellesrådet tek skriva og meldinga til vitande.
Sak 021/21 Tenesteytingsavtale med Sogndal kommune
Vedtak: Fellesrådet går inn for framlegget til tenesteytingsavtale med Sogndal kommune, men krev at det kommunale driftstilskotet blir auka tilsvarande auken i prissettinga på tenesteytinga då drift av gravplassane er eit offentleg ansvar som kyrkja utfører på vegne av kommunen.
Sak 022/21 Møteplan for hausten 2021
Vedtak: Fellesrådet vedtek fylgjande møteplan for hausten 2021: 15. september, 20. oktober, 17. november og 9. desember.
For Sogndal kyrkjelege fellesråd
Jorunn Merete Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal
Dokument
Referat (PDF, 92,4kB. Opnar i nytt vindu)