Velkommen til ungdomskor på Stedjetunet 16. januar


Velkommen til ungdomskor på Stedjetunet 16. januar


Vel møtt til eit nytt semester i ungdomskoret etter nyttår. Koret vil øve i Storsalen på Stedjetunet kvar måndag frå kl. 19.00 til kl. 21.00.

Foto av tre jenter som hoppar med strekte hender

Går du på ungdomsskulen eller vidaregåande og er glad i å synge? Då håpar vi at akkurat DU blir med på ungdomskoret som startar opp att etter nyttår på Stedjetunet måndag 16. januar.

I vår jobbar vi frem mot opptreden og deltaking på Salmar & Kaffi i Leikanger kyrkje søndag 19. mars kl. 19.00 og ei gudsteneste i Stedje kyrkje i byrjinga av juni (dato og tid er ikkje fastsett endå).

Øvingane blir på måndager frå kl. 19.00 til kl. 21.00. Dørene er opne frå ca. 18.45. I pausen legg vi opp til litt snacks, frukt og anna godt.

Ungdomskoret er ope for alle ungdommar i indre Sogn som ynskjer å vere med.

Dirigent for koret blir Hallgeir Øgaard Westli, til dagleg kantor i Leikanger og Fjærland kyrkjer.


Semesterplan:

16. januar: Øving
23. januar: Øving
30. januar: IKKJE ØVING
6. februar: Øving
13. februar: Øving
20. februar: VINTERFERIE - IKKJE ØVING
27. februar: Øving
6. mars: Øving
13. mars: Øving
Søndag 19. mars: Synge på "Salmar & Kaffi" i Leikanger kyrkje kl. 19.00
20. mars: Øving
27. mars: Øving
3. og 10. april: PÅSKEFERIE - IKKJE ØVING
17. april: Øving
24. april: Øving
1. mai: FRIDAG - IKKJE ØVING
8. mai: Øving
15. mai: Øving
22. mai: Øving
29. mai: 2. PINSEDAG - IKKJE ØVING
5. juni: Øving - semesteravslutning

Tilbake